Akerdrakten

Akerdrakten er laga med stakkestoff kopiert etter stoffprøver frå dei gamle akergardane Ullern, Ullevold, Grefsen, Vøien ved Akerselva, Nes i Maridalen, Furuset og Ulsrud. Orginalstoffa blei vevet i åra 1808-10 av premierte veversker. Drakta er sydd i empiresnitt som var høgste mote på den tida.

Stoffa blei funne på Norsk Folkemuseum i den gamle Prøveprotokollen for Aker Sogneselskap av Anette Solberg Andresen og Tone Tollefsen som i 1997 utvikla drakta på Veveriet på Norsk Folkemuseum.

Kontakt oss

Detaljer

  • Stakk, liv og forkle

    Dagens Oslojenter kan velje mellom heile 6 ulike spesialvevet stakkestoff som kan kombinerast med 1 livstoff og 2 ulike forklestoff og sløyfer.

  • Skjorte

    Serk høyrer til – den er skjorte og understakk i eitt.

  • Strømper

    Kvite

  • Sko

    Svarte bunadsko

  • Sølv

    Serkenål eller annan barnesølje