Altabunad G6

Altabunad blei utarbeidd av Gunnvor Abrahamsen, og frå 2008 har Heimen Husfliden hatt einerett på påteikninga av bunaden, etter avtale med Altabunaden AS.

Mønstret til bunaden blei henta frå ein døypefont i Kåfjord kyrke i Alta og så tilpassa til brodering på stakk og liv. Snittet er henta frå drakttradisjonen i Gudbrandsdalen ettersom Gunnvor Abrahamsen sydde sin første bunad der under krigen.

Altabunaden blir laga i svart og blå og i stoffkvalitetene toskafta bunadty og klede.

Bestill time for måltaking

Detaljer

  • Liv og stakk

    Stakk og liv med veske, kjem i toskafta bunadty eller klede i fargane blå og svart.

  • Skjorte

    Det er utarbeidd eigen skjorte med broderi inspirert av porten til Kåfjord kyrke i Alta.

  • Hovudplagg

    Brodert lue i same farge og stoff som bunaden.

  • Ytterplagg

    Jakke eller cape i same stoff og farge som bunaden.

  • Strømper

    Svarte.

  • Sko

    Svarte bunadsko.

  • Sølv

    Sølv til bunaden er under utarbeiding. Inntil dette er ferdig, blir det brukt eit generelt sølv.