Aust-Telemark – Beltestakk A82

Beltestakk A82 frå Aust-Telemark er blant bunadene der ein har stor valfridom i høve til materialar og fargar. Her brukar ein den finaste silke og ull i kombinasjon med fargerike band, skjerf, belte og skjorter. Om du ønskjer deg ein bunad som oppfyller draumen din, er dette kanskje bunaden for deg!

Bestill time for måltaking

Detaljer

  • Stakk og liv

    Stakken kjem i toskafta bunadty. Livet kan ein sjølv velje stoff til, her brukar ein ulldamask, silkedamask, brokade og fløyel. Livet har alltid svarte kantar

  • Forkle

    Forkle kjem i biba, lasting, ulldamask, silke/ulldamask eller silkedamask. Det har fløyelskant heile vegen rundt og valgfrie farga silkeband nedst. I livet er det eit grindvevd band som forkleet vert knytt fast med

  • Belte

    Beltet til beltestakken er brikkevevd og vanlegvis 10-12 cm bredt. Det vert laga i mange ulike fargar og variasjonar

  • Skjorte

    Heimen Husfliden har eit stort utval av spesialbroderte beltestakkskjorter i fleire fargekombinasjonar, samt silkeskjorter og bomullskjorter i månge fargar og mønstre.

  • Hovudplagg

    Brikkevevd vippe eller silkeskaut/silketørkle

  • Ytterplagg

    Det er to jakker å velje mellom til beltestakken. Den eine har et svart broderi nede på ermene og noko broderi langs kanten i burgunder tonar eller grøne tonar. Den andre har fløyelskantar med raud saum innanfor langs alle kantar

  • Strømper

    I tillegg til vanlege svarte strømper, kan ein bruke broderte vadmelsokkar som kjem med to ulike broderi

  • Sko

    Svarte bunadsko, bunadstøvlett eller dufsesko frå Telemark

  • Sølv

    Sølv frå Telemark, både forgylt og oksidert