Aust-Telmark - Beltestakk A98 med brodert liv, kvitt

Beltestakk A98 frå Aust-Telemark med eit kvitt brodert liv vart rekonstruert av Tone Huus for Heimen i 1998. Originalen til det broderte livet er innkjøpt av Folkemuseet ca 1890.

Bunaden har naturkvitt liv med detaljrikt tett broderi i friske fargar. Stakken er vid med fløyelskant nede på stakken og silkeband på forkle. Her er forkleband og belte i frisk rosa og raude tonar som står til livet. Det er eige forkle til denne beltestakken, belte er i rosa og oransje med innslag av svart og kvit linskjorte skjorte med fleirfarga korsstingsbroderi.

Ønskjer du større valfridom i høve til materialar og fargar, sjå Beltestakk A82.

Stikkord: Aust-Telemark, Øst-Telemark, damebunad, kvinnebunadene, stakk.

Detaljar

Stakk og liv

Livet er naturkvitt og vert brodert gjennom to lag stoff med svart broderte kantar. Stakken er i toskafta bunadty med eit breitt hjul nede, trekt med svart og grøn fløyel.

Forkle

Forkle er i lasting med band i raud/rosa tonar og knyteband i livet med rosa/lilla tonar.

Belte

Belte til beltestakken med brodert liv er i rosa og oransje med innslag av svart.

Skjorte

Det er utarbeidd ei eiga skjorte til denne beltestakken med fleirfarga korsstingsbroderi. Heimen Husfliden har også eit stort utval av silkeskjorter og bomullskjorter i månge fargar og mønstre.

Hovudplagg

Brikkevevd vippe eller silkeskaut/silketørkle.

Ytterplagg

Det er to jakker å velje mellom til beltestakken. Den eine har et stort broderi nede på armane og noko broderi langs kanten i burgunder tonar eller grøne tonar. Den andre har fløyelskantar med raud saum innanfor langs alle kantar.

Strømper

I tillegg til vanleg svarte strømper, kan ein bruke broderte vadmelsokkar med to ulike broderi.

Sko

Svarte bunadsko, bunadstøvlett eller dufsesko frå Telemark.

Sølv

Sølv frå Telemark, både forgylt og oksidert.