Råndastakk og rutaliv

Råndastakk og rutaliv frå Gudbrandsdalen er blant dei mest brukte barnebunadene. Den har tradisjonelle stoff i ruter og striper, og kan brukast med det ein sjølv ønskjer av tilbehør for å gjere den meir personleg. Råndastakken er enkel i bruk og kan endrast i takt med at barnet veks. Råndastakk og rutaliv blir levert ferdig på storleik og er lagervare på Heimen Husfliden.

Jente: 3 – 5 år, 6 – 8 år og 10 – 12 år.

Kontakt oss

Detaljer

  • Stakk og liv

    Stakk og liv er ei blanding av ull og bomull.

  • Forkle

    Stripete forkle i svart ull eller kvit bomull blir brukt.

  • Hovudplagg

    Stivatørkle, kvitt skaut.

  • Skjorte

    Bomullskjorte med nuppereller.

  • Sølv

    Ein kan bruke barnesølv som ikkje har tilknyting til området, eller dei minste søljene frå Gudbrandsdalen.

  • Ytterplagg

    Det kan brukast ullsjal.

  • Strømper

    Svarte, raude eller kvite.

  • Sko

    Svarte bunadsko.

Bunader