Hardanger damebunad, rødt liv

Hardangerbunad er kanskje den mest kjende bunaden vi har i landet. I ein lengre periode var Hardangerbunaden nærmast eit nasjonalsymbol og blei brukt av mange rundt om i Noreg. Bunaden er framleis populær og gir stor fridom i val av tilbehør som kjem i mange variantar.

Hardangerbunaden har eit liv med ein brei rygg som går langt opp mot nakken, i front er livet skore ned mot midja og har eit lite hakk som er skore ut mot skuldra. Opninga i livet ned mot midja gir rom for den flotte bringeduken. Både i stakk og liv kan ein velje mellom fleire typar material og stoff.

Sjå også:
Hardangerbunad med grønt liv
Hardangerbunad med lilla liv

Bunadsområde: Hardanger (Hordaland).

Stikkord: Damebunad, kvinnebunad, bunad.

Detaljar

Liv og stakk

Stakken er alltid svart, men kan leverast i toskaft eller drapé. Livet kjem i raud klede, raud, lilla eller grøn damask. Den raude, lilla og grøne damasken kjem i forskjellige nyansar og mønster.

Forkle

Forkleet er i kvit lin eller i kvit eller blomstret bomull. Kvit forkle har eit innfelt stykke i hardangersaum. Her kan ein velje mellom ei rekke bordar med variasjon i dei broderte motiva.

Skjorte

Det er eigen skjorte med broderte mansjettar, krage og bringelist i hardangersaum. Her er det også fleire å velje mellom.

Bringeduk og belte

Belte og bringeduk kan vere brodert med perler, korssting eller smøyg. Heimen leverer fleire variantar og fargekombinasjonar. Ein kan også bruke fangband til Hardangerbunaden, det vil seie broderte band som heng rett ned frå livet midt framme. Både belte og fangband kan vere på raudt skinn eller stoff med forgylt sølv.

Hodeplagg

Roggeband (hårband) til ugift kvinne eller skaut til gift kvinne.

Ytterplagg

Svart cape med raudt fór og tittekantar.

Strømper

Svarte strømper.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Det er eige sølv til Hardangerbunaden. Sjå under.