Masfjord herrebunad

Mannsbunad frå Masfjord har ein raud vest med eit grønt stykke felt inn framme som kan gi ein illusjon av to vestar. Buksa er kort og svart og jakka er svart med grøne tittekantar og detaljar. Det er eit utval av tilbehør til bunaden.

Bunaden har røter i draktskikken i området frå 1800-talet, og vore i produksjon sidan tidleg på 1900-talet.

Masfjordbunad kan også leverast til gut.

Bunadsområde:
Masfjord (Hordaland)

Detaljar

Jakke og bukse

Jakka og buksa blir sydd i svart klede med grøne tittekantar.

Vest

Dobbeltspent vest med ståkrage i raudt klede med innfelling av grønt klede i front. Ryggen er i ubleika bomullslerret. Kragen har broderte stikningar i grønt og gult. Det er to sidelommer der klaffen er kanta med grøne ullband.​

Skjorte

Kvit bomullsskjorte utan broderi

Strømper

Kvite mønsterstrikka strømper, kan fåast både handstrikka og maskinstrikka

Sko

Svarte bunadsko

Sølv

Halsknapp og mansjettknappar i tillegg til knappane som blir sydd på bunaden

Anna tilbehør

Hatt og skjerf er valfritt, medan hoseband og bukseselar ofte er naudsynte for å halde bukse og strømper oppe