Romeriksbunad L40

Romeriksbunad L40 er ein av dei mest populære bunadene Heimen Husfliden fører. Bunaden blei utarbeida av Heimen i samarbeid med Borghild Tranum Røer i åra 1936 – 40.

Broderiet på bunaden er etter ei gammal bunadsveske frå Ullensaker som er frå ca 1770 – 80-åra. Veska på dagens bunad er nesten identisk med den gamle.

Ein kan velje mellom fleire forkle på bunaden, og om ein vil ha brodert ryggrose på ryggen eller om ein vil ha brodert belte.

Romeriksbunaden L40 har ei brodert bord i gultonar nede på stakken og på forkleet, og livet har tilsvarande broderi. Lenge har den blå bunaden vore mest vanleg, men stadig fleire vel blant dei fire andre fargealternativa; raud, blågrøn, skarp grøn og mørk grøn.

Bestill time for måltaking

Detaljer

  • Stakk og liv

    Stakk og liv er i toskafta bunadty og kjem i fargane blå, raud, blågrøn, skarp grøn og mørk grøn.

  • Forkle

    Ein kan ha forkle i same stoff som stakken med broderi, linbatist (tynt og lett linstoff) med broderi eller eit linforkle med brunt trykk.

  • Skjorte

    Det er utarbeidd to forskjellige linskjorter med kvite broderi til romeriksbunaden.

  • Ytterplagg

    Kort jakke i same farge som bunaden eller lang cape; capen er svart til raud bunad og same farge som bunaden på dei andre alternativa.

  • Hovudplagg

    Høglue med ein stor brodert pull eller ei hettelue med broderi.

  • Strømper

    Kvite til raud bunad, kvite eller svarte til dei andre fargane.

  • Sko

    Svarte bunadsko

  • Sølv

    Det er utarbeidd eige sølv frå Romerike.