Historia om Heimen Husflid

Historia om Heimen Husflid

Historia om Heimen Husflid begynner ved starten av 1900-talet og har tilknyting til kultur- og teatermiljøet i Oslo på denne tida.

Ekteparet Aksel Waldemar (1880-1922) og Anna Johannessen (1879-1923) starta i 1912 opp Heimen Teiknekontor, som seinare vart til Heimen Husflid, i Rosenkrantz’ gate.

Aksel Waldemar hadde jobba som kulissesnekkar ved Det Norske Teatret, og gjennom kontaktane sine der fekk dei oppdrag med utforming og saum av kostyme til fleire oppsetjingar ved teatret. Gjennom teatret vart dei også kjende med kunstnarparet Hulda og Arne Garborg.

På turneane fekk Hulda Garborg folk til å leite fram gamle klesdrakter som ho lånte med seg til Kristiania. Anna Johannessen teikna av dei gamle draktene, og slik vart Heimen Teiknekontor etablert i 1912. Namnet tok dei frå Hulda Garborgs faste spalte i tidsskriftet «By og bygd»: Heimen-sidene.

Hulda Garborg (1862-1934) var ei sterk og sjølvstendig kvinne med eit vidt interessefelt. I starten av hundreåret reiste ho landet rundt og leitte fram gamle folkedrakter og broderi. Desse rekonstruerte ho, og nye festdrakter blei til.

Hulda Garborg
Karen Hulda Bergersen ble født den 22 februar 1862 i Stange.
Hun flyttet til Hamar i lag med mora og eldstesøstra Marta Elida i 1863.
I 1869 begynte hun på Gløersens pigeskole på Hamar.
Faren hennes Christian Fredrik Bergersen døyr i 1873.
I 1875 flytte ho i lag med mora til Kristiania.
I 1879 begynte ho som butikkjente hos Brødrene Dobloug.
Søstra Sofie emigrer til USA i 1883.
I 1895 begynte ho på Maalskulen og startar avisskribentlivet
Ho gifter seg med Arne Garborg den 3 desember 1887 og flytter til Østerdalen.
Overvintra i og rundt München i Tyskland 1889-1890.
Ho reiste tik Italia for første gong i 1890.
Overvintra i Berlin og Erkner i Tyskland 1890-1891.
Omsette det føste Hauptmann-skodespelet til norsk i 1891.
Overvintra i Roma og reiste i Italia 1891-1892.
Hun debuterte med romanen «Et frit forhold» i 1892.
I 1893 omsette hun Lou Andreas-Salomes Henrik Ibsens Kvindeskikkelser.
Ble teken opp som den fjerde kvinnelege medlem av Den Norske Forfatterforeningen i 1895.
I 1895-1896 deltok hun på språkstudier
Gav ut «Heimestell» i 1899, den første kokaboka på landsmål.
I 1901 fekk ho sydd si første drakt basert op folkedrakter frå Hallingdal.
Framsyning med en første leikarringen i 1902 på møte med Bondeungdomslaget i Oslo.
I 1902 reiste ho til Færøyane for å studera drakter og songdans og same året begynte dei første kursa i songdans.
I 1903 reiste ho til Island for å studere drakter og dans. Same året skapte ho ordet» bunad» og begynner med bunadsarbeidet.
I 1910 braut ho ut av Den Norske Forfatterforningen og er med å stiftar Norsk Bokmannalag.
Ho deltak i stiftinga av Det Norske Teateret i 1912 og blir første styreformann.
I perioden frå 1919-1925 representerte ho Venstre i Asker kommunestyre og blei den første kvinna i Asker formannskap.
I 1929 reise ho i Tyskland pg Frankrike i lag med veninna Fernanda Nilsen som døydde undervegs.
I årene 1920-1925 gav ho ut de fire Hedmark-romanane.
Arne Garborg døyde den 14 januar 1924.
Utnemnt til riddar av St.Olavs ordern i 1932.
Døyde den 5 november 1934 av leverkreft.

Hulda og ekteparet Johannessen utvikla i denne perioden fleire av dei meste kjende draktene til Heimen, mellom anna Valdresbunaden og Gudbrandsdals festbunad.