Vår historie

1892

Den Norske Husflidsforening

Husflidsaka stod sterkt på slutten av 1800-tallet. Industrisamfunnets framvekst førte til tilbakegang for husflid, og mange av Oslos framståande borgarar ivra for å bevare norske husflidstradisjonar. I 1891 slo tre husflidsforeiningar seg saman til Den Norske Husflidsforening. I 1892 etablerte foreininga sin eigen butikk i Carl Johansgate 27 og organiserte ein omfattande produksjon av husflid […]

Les meir
1899

BUL

BUL blir grunnlagt. BUL er ein frivillig organisasjon som tilbyr aktivitetar som folkedans, musikk, teater og idrett for folk i alle aldrar.
Aktivitetane til BUL er tufta på norsk folkekultur, bruk av nynorsk og dialektar og tilbod om eit rusfritt miljø. BUL eig Bøndenes Hus AS 100%.
www.bul.no

Heimen Husfliden er, gjennom morselskapet Bøndenes Hus, eigd av Bondeungdomslaget i Oslo (BUL).

Husflidskurs
1900

Husflidskurs

Husflidskurs i regi av Den Norske Husflidsforening ved årshundreskiftet.

Husflidskurs ca 1900
1900

Husflidskurs ca 1900

Husflidskurs i regi av Den Norske Husflidsforening ved årshundreskiftet.

Klara Marie Semb
1902

Klara Marie Semb

Klara Marie Semb (1884-1970) førte vidare det arbeidet Hulda Garborg hadde gjort med å ta tradisjonsdansen i Norge. Ho byrja i Bondeungdomslaget i 1902.

Kaffistova i Grensen
1909

Kaffistova i Grensen

Historia om Heimen Husflid
1912

Historia om Heimen Husflid

Historia om Heimen Husflid begynner ved starten av 1900-talet og har tilknyting til kultur- og teatermiljøet i Oslo på denne tida. Ekteparet Aksel Waldemar (1880-1922) og Anna Johannessen (1879-1923) starta i 1912 opp Heimen Teiknekontor, som seinare vart til Heimen Husflid, i Rosenkrantz’ gate. Aksel Waldemar hadde jobba som kulissesnekkar ved Det Norske Teatret, og […]

Les meir
Valdresbunaden S1
1919

Valdresbunaden S1

Valdresbunaden ble utarbeidd i 1917-19 av Hulda Garborg i samarbeid med Anna og Aksel Waldemar Johannessen.

Broderiet til Valdresbunaden 1919 er frå ei gammal gråbrun fløyelsluve med prydsaum i lin og bomull, utlånt frå Bang Bygdesamling. Snittet på livet er tatt frå eit gammalt kjoleliv frå 1840-50-åra.

Anna og Aksel Waldemar
1920

Anna og Aksel Waldemar

Tidleg på 1920-talet vart både Anna og Aksel Waldemar råka av alvorleg sjukdom. Aksel Waldemar døydde i 1922 og Anna berre nokre månader seinare.
Før ho døydde fekk Anna, med hjelp frå Hulda Garborg, selt Heimen Husflid til Bondeungdomslaget i Oslo.
Heimen flytta etterkvart over til Rosenkrantz’ gate 8, der bedrifta framleis held til.

1920

Rogalandsbunaden

Heimen utarbeidde Rogalandsbunaden på 1920-tallet.

Snitt på liv og stakk blei henta frå det ein allereie hadde i Rogaland. Livet finst i to ulike variantar; eit skøyteliv frå slutten av 1700-tallet og eit liv som blir montert til stakken, der originalen er frå Suldal. Det hører med fløyelsbelte med spenne. Forkle- og sjalsettet finst i to broderivariantar, eit frå Frafjord og eit frå Jelsa. Broderiet frå Frafjord har blomstrar i djupe og kalde raudtonar der bladverket har nokså spiss form. Broderiet til Frafjord fann Heimen på ei lue frå Frafjord i Rogaland. Broderiet frå Jelsa går i varme raudnyansar og blomstrane har ei rundare form. Heimen tok utgangspunkt i ei lue frå Jelsa som dei fann på Stavanger Museum. Begge broderia frå Rogaland har innslag av grønt, blått og gult.

Festbunad med forkle frå Gudbrandsdalen
1922

Festbunad med forkle frå Gudbrandsdalen

Festbunad med forkle frå Gudbrandsdalen blei utarbeid av Heimen i 1922. Denne bunaden er i to utgåver; med og utan forkle. Aksel Waldemar Johannessen teikna ut broderimønstret etter ein gammal, brodert stakk som er på Norsk Folkemuseum. Snittmønstret til livet er det same som til Råndastakk og rutaliv.

1923

Heimen Husflid og BUL

I 1923 blei Heimen Husflid overtatt av Bondeungdomslaget i Oslo.

1925

Heimen Husflid lokaler

I 1925 flyttet Heimen Husflid til nye lokale i Kristian IVs gate 4. Det vart den første av mange flyttingar fram til Heimen fekk fast tilhald i Rosenkrantz’ gate 8.

Aust-Telemarkbunad A32
1932

Aust-Telemarkbunad A32

Aust-Telemarksbunad med Lekjabord er utarbeidd av Heimen i 1932 med utgangspunkt i eit gammalt forkle og ein gammal plansje.

Livet er raudt med brunt broderi og stakken er svart eller blå med fleirfarga broderi. Under den broderte borden på stakken er det ein grøn og ein raud kant av same stoff som stakken. Veska er i same farge som stakken med broderi. Til Aust-Telemarksbunaden kan ein bruke ei raud, brodert jakke som er grunnen til at denne bunaden ofte kallast Raudtrøyebunaden.

Romeriksbunad L40
1940

Romeriksbunad L40

Romeriksbunad L40 er ein av dei mest populære bunadene Heimen Husfliden fører. Bunaden ble utarbeida av Heimen i samarbeid med Borghild Tranum Røer i åra 1936 – 40. Broderiet på bunaden er etter ei gammal bunadsveske frå Ullensaker som er frå ca 1770 – 80-åra. Veska på dagens bunad er nesten identisk med den gamle. […]

Les meir
Aust-Telemarkbunad A41
1941

Aust-Telemarkbunad A41

Aust-Telemarkbunad A41 blei utarbeidd av Heimen i 1941 med utgangspunkt i Aust-Telemarkbunaden med Lekjabord som er utarbeidd etter ein gammal plansje og eit gammalt forkle.

Borden på forkle og stakk er henta frå det gamle forkleet, og livet er teikna etter den gamle plansjen. Forutan den raude jakka er også det breie beltet typisk for Aust-Telemarkbunad og kjem i forskjellige fargekombinasjonar.

Sørkedalsbunaden
1947

Sørkedalsbunaden

Sørkedalsbunaden var ferdig utarbeidd i 1947 av Sørkedalen Sanitetsforening.

Broderiet tok dei frå dekoren på eit kistelokk frå Øvre Lyse, fasongen på bunaden hadde ein ikkje noko forbilde til og den blei derfor som ”alle dei andre”. Med andre ord tok ein utgangspunkt i kva som var vanleg på andre bunader. Broderiet på skjorta er etter ei skjorte som var arva frå Nordmøre. Frå januar 1998 overtok Heimen produksjonen av bunaden.

Valdresbunad S2
1948

Valdresbunad S2

Valdresbunaden 1948 er utarbeidd av Heimen i samarbeid med ei nemnd frå Valdres i 1947-48.

Fasongen på bunaden er kopiert etter ein bunad frå Semelenge i Vestre Slidre frå om lag 1840-åra, mens broderiet er arbeidd ut etter ei lue sydd av Eli Hagen (fødd Sundheim i 1821). Mønstret var ein kopi frå mor hennar sin stakk. Snittet på dagens lue er lik den gamle.

Den Norske Husflidens vevstove i Møllergt 4.
1950

Den Norske Husflidens vevstove i Møllergt 4.

Frå Den Norske Husflidens vevstove i Møllergt 4. Vevstova blei oppretta då DNH flytta dit ca 1928 og nedlagt då huset blei rive ca 1990.
Her blei det utvikla tallause mønster og vevd spesialbestillingar som tekstilar til Kongeskipet, duk til Olavshallen og kyrkjetekstilar.
Bilete frå ca 1950.

Vest-Telemarkbunad U53
1953

Vest-Telemarkbunad U53

Vest-Telemarkbunadene som Heimen Husfliden produserer, er utarbeidde av Eldrid Robbestad på 1950-talet. Her er modellen som blei utvikla i 1953.

Til alle dei tre variantane blei det tatt utgangspunkt i broderi og mønster frå første halvdel av 1800-talet. Dei tre forskjellige variantane av Vest-Telemarkbunaden som Robbestad utarbeidde blir skilt frå kvarandre ved at broderia har forskjellig utforming.

Bunaden blir levert med veske som har tilsvarande broderi som livet.

Aust-Telemarkbunad DNH A57 
1957

Aust-Telemarkbunad DNH A57 

Aust-Telemarkbunaden DNH er utarbeidd av Telemark Husflidslag i samarbeid med Den Norske Husflidsforeningen i Oslo. Dei har med denne bunaden vidareutvikla den bunaden Anne Bamle utvikla på 1920-tallet med utgangspunkt i tidleg 1800-talls drakttradisjonar.

Beltestakken A82 frå Aust-Telemark
1982

Beltestakken A82 frå Aust-Telemark

Beltestakken kom i bruk som ein variant av den tradisjonelle Aust-Telemarksbunaden med broderi, men her var broderia i stor grad tekne bort. Ein valde difor i større grad å bruke ulike materialar og fargar saman.

Snitt på liv og forkle har vore i endring gjennom 1800-tallet, og i dag er det stor variasjon i forma på livet frå produsent til produsent. Felles for alle er stakken med ekstra vidde med det påsyddde hjulet, den breie kanten nede på stakken, forkle med farga band, det breie beltet og fargerike, broderte skjorter. Heimen Husfliden produserer ein beltestakk der livet har snitt frå første halvdel av 1850 åra, før liva vart så smale at de nærmast vart til selar.

Beltestakk frå Aust-Telemark
1998

Beltestakk frå Aust-Telemark

Beltestakk med broderte livet vart rekonstruert av Tone Huus for Heimen i 1998.

Denne beltestaken er rekonstruert og har faste rammer for korleis han skal sjå ut og lagast. Det er eige forkle til denne beltestakken, og belte og skjorte er fastsett.

1998

Den Norske Husflidsforenings og Norsk Folkemuseum i Oslo

I 1998 blei Den Norske Husflidsforenings svært omfattande modell- og mønstersamling donert til Norsk Folkemuseum i Oslo, der den er registrert med fleire tusen modellar og teikningar frå perioden 1892- 1985.

Les meir
Jubileumsdrakten for Oslo
1999

Jubileumsdrakten for Oslo

Jubileumsdrakten for Oslo vart teikna av designaren Eva Lie til Oslos tusenårsjubileum i 1999.

Husfliden flyttar inn i nye lokale
2004

Husfliden flyttar inn i nye lokale

Etter 80 år flyttar Husfliden frå Møllergata 4 til Lille Grensen 7 i november 2004.

Les meir
2007

Den Norske Husfliden og Bøndenes Hus-konsernet

Den Norske Husfliden kom med i Bøndenes Hus-konsernet i 2007, og i november 2009 flytta butikken inn i nye, stilfulle lokale i GlasMagasinet på Stortorvet. Butikken har ein del av dei same varene som Heimen, men er meir profilert mot strikk, vev og hobbyartiklar.

2013

Olavsrosa

Bøndenes Hus i Rosenkrantz’ gt. 8 med Bondeheimen, Kaffistova, Heimen Husflid og Bondeungdomslaget i Oslo blir tildelt kvalitetsmerket Olavsrosa for god ivaretaking av ein bygard med høg arkitektonisk verdi og for eit framifrå kulturinnhald i drift og verksemd.

2015

Solhjell AS og Bøndenes Hus

Våren 2015 kjøpte Bøndenes Hus 70 % av aksjane i Solhjell AS. Kåre Solhjell Konfeksjonsfabrikk AS kan føre historia si tilbake til 1947 i Molde. Bedrifta produserte dei første bunadene i 1985, i hovudsak mannsbunad frå Hallingdal og Vest-Telemark.

I august 2015 ble det vedtatt av Bøndenes Hus at alt av husflid skulles legges under en egen divisjonen og Heimen Husfliden AS ble stiftet. Under Heimen Husfliden AS ligger Heimen Husflitsutsal, Den Norske Husfliden og Solhjell.

2016

Heimen Husfliden

Den Norske Husfliden på GlasMagasinet og Heimen Husflid i Rosenkrantz’ gate 8 har endra namn til Heimen Husfliden.

Heimen Husfliden er ein del av Heimen Husfliden AS. Divisjonen består også av Solhjell AS,  som produserer bunader og bunadstilbehør som blir selt til forhandlarar rundt om i Norge.

Heimen Husfliden AS er eigd av Bøndenes Hus som igjen er eigd 100 % av den frivillige organisasjonen Bondeungdomslaget i Oslo (BUL).