Kjøpe bunad

Når du har bestemt deg for at du vil ha ein ny bunad, kan Heimen Husfliden hjelpe deg vidare.
Med eit stort utval av ulike bunadmodellar frå heile landet, vil dei fleste kunne finne sin bunad hos oss.

Sjå gjerne våre bunader for å finne fram til rett bunad for deg – dei fleste av oss har tilknyting til meir enn éin stad i landet. Når du har funne din bunad er det fleire vegar til målet. Hos oss kan du velje mellom:

Bunad med to prøvingar

  • Sydd etter personlege mål med eventuelt justering på andre prøving
  • Bunaden blir modellert/forma etter kroppen
  • Påteikning av broderingsmønster på systova vår i Oslo
  • Blir sydd på systova vår i Oslo sentrum
  • Brodert for hand i Kina
  • Mykje handarbeid og handsaum
  • Minst 2 prøvingar med skreddar undervegs i (saum)prosessen
  • Knapphol blir sydd for hand
  • Prøving ved utlevering kan du avtale med skreddar undervegs i prosessen
  • Sydd av ein av våre dyktige syarar; skreddarar med svennebrev i kjole- og draktsyarfaget, dame-/herreskreddarfaget, bunadstilvirkar(faget) eller meisterbrev

Bunad med ein prøving eller utan prøving

  • Sydd etter personlege mål
  • Utarbeidd av Heimen Husfliden og/eller Solhjell
  • Utvalde dame- og herrebunader
  • Påteikning av broderingsmønster på systova vår i Oslo eller på systova i Estland
  • Brodert for hand i Estland eller Kina
  • Sydd i Oslo, Litauen, Estland og Kina
  • Noko handsaum, mest maskinsaum
  • Ein eller ingen prøving
  • Knapphol sydd på maskin
  • Du kan avtale prøving ved utlevering

Materialpakke – sy bunaden sjølv

– Ein materialpakke inneheld det du treng for å sy heile eller delar av bunaden sjølv. Heimen Husfliden leverer materialpakkar til ei rekke bunader; kontakt oss for å finne ut om vi har materialpakke til din bunad.

– Ein materialpakke kan du få ferdig brodert eller med påteikning. Prisen vil ligge mellom kr 5.000 –
15.000. Skjorte vil komme i tillegg, og her ligg prisen for materialpakka på om lag kr 2.000.

– Materialpakkar kan fåast både i standard storleikar og etter mål. Dette varierer mellom ulike typar bunader.

Konsulenttimar

Vi tilbyr konsulenttimar med bunadsyarane våre, både for å komme i gang og om du skulle trenge hjelp undervegs. Prisen per konsulenttime er kr 850,-.

For meir informasjon:
Kontakt oss på +47 23 21 42 00, sentralbord@heimenhusfliden.no eller i våre bunadsavdelingar på GlasMagasinet eller i Rosenkrantz’ gate 8.