Kjøpe bunad

Når du har bestemt deg for at du vil ha ein ny bunad, kan Heimen Husfliden hjelpe deg vidare.
Med eit stort utval av ulike bunadmodellar frå heile landet, vil dei fleste kunne finne sin bunad hos oss.

Utval av bunader

  • Bilete finst på nettsidene våre, informasjon og modellar i våre to butikkar.

Val av bunad

  • Nokon vel bunad ut ifrå den staden dei har vakse opp, andre ut ifrå kvar foreldra eller besteforeldra er fødde eller kjem frå, andre ut frå kvar dei bur og andre kva dei meiner kler dei best.
  • Våre dyktige tilsette kan gi deg rettleiing på dette.
  • Du får informasjon om valmoglegheitene av tilbehør som kan brukast til bunaden din i våre to butikkar.
  • Ved bestilling brukast ei sjekkliste få å sikre at du får med alt med alt tilbehøret du ønsker.

Val av tilbehør

  • Valmoglegheitene av stoff og band varierer mykje mellom dei ulike bunadene.
  • Vi har prøver på dei fleste stoffa og banda i våre to butikkar.
  • Du får også informasjon om kvar dei ulike stoffa er produsert.

Bestille tid til måltaking

  • Når du har bestemt deg for kva for ein bunad du ønskjer, kan du bestille tid til måltaking enten via nettsidene våre, e-post, telefon eller i butikkane.

Bestilling av bunad

  • Ved bestilling av bunad må det betalast delbetaling på (40 %) før bunaden blir sett i produksjon.
  • Delbetalinga må betalast direkte i butikk, eller du kan opprette ein Heimen Husfliden-konto.

Sølv

  • Vi gir deg 10 % rabatt på alt bunadssølv og tilbehør ved kjøp over disk ved bestilling av bunad eller materialpakkar.
  • Sølv som skal syast på bunaden må kjøpast ved bestilling av bunaden din.
  • Innlevering av eige sølv leverast ved bestilling.

Leveringstid

  • Dette varierer veldig og heng saman med kva slags type bunad du har valt, kvar den blir brodert, produsert og når på året du bestiller.
  • Når du har valt bunad blir du informert om leveringstida for din bunad.

Prøving

  • Ved bestilling av bunaden blir du informert om kor mange prøvingar som gjeld din bunad.
  • Vi tilrår at du kjøper alt tilbehøret før du kjem til prøving dersom du ønsker rettleiing om bruk av tilbehør når du kjem og hentar bunaden.
  • Noko av tilbehøret kan også ha lengre leveringstid.

Henting av ferdig bunad

  • Du blir informert per e-post, SMS og telefon når bunaden din er klar til henting.
  • Ved bestilling av bunad med 2 prøvingar, kan du ønske dette med din med skreddar til stades, dette avtalast på førehand.
  • Har du ikkje muligheit til å prøve bunaden ved henting, må du kontakte oss innan 2 veker dersom passforma ikkje er som avtalt.
  • Utlevering av bunaden skjer først når heile betalinga er gjort.
  • Betalinga skjer direkte i butikk eller ved bruk av Heimen Husfliden-konto.

Er det noko anna du lurer på kontakt personalet i dei to butikkane våre eller send oss ein e-post til sentralbord@heimenhusfliden.no.

Sjå gjerne våre bunader for å finne fram til rett bunad for deg – dei fleste av oss har tilknyting til meir enn éin stad i landet. Når du har funne din bunad er det fleire vegar til målet. Hos oss kan du velje mellom:

Bunad med to prøvingar

  • Sydd etter personlege mål med eventuelt justering på andre prøving
  • Bunaden blir modellert/forma etter kroppen
  • Påteikning av broderingsmønster på systova vår i Oslo
  • Blir sydd på systova vår i Oslo sentrum
  • Brodert for hand i Kina
  • Mykje handarbeid og handsaum
  • Minst 2 prøvingar med skreddar undervegs i (saum)prosessen
  • Knapphol blir sydd for hand
  • Prøving ved utlevering kan du avtale med skreddar undervegs i prosessen
  • Sydd av ein av våre dyktige syarar; skreddarar med svennebrev i kjole- og draktsyarfaget, dame-/herreskreddarfaget, bunadstilvirkar(faget) eller meisterbrev

Bunad med ei prøving eller utan prøving

  • Sydd etter personlege mål
  • Utarbeidd av Heimen Husfliden og/eller Solhjell
  • Utvalde dame- og herrebunader
  • Påteikning av broderingsmønster på systova vår i Oslo eller på systova i Estland
  • Brodert for hand i Estland eller Kina
  • Sydd i Oslo, Litauen, Estland og Kina
  • Noko handsaum, mest maskinsaum
  • Ein eller ingen prøving
  • Knapphol sydd på maskin
  • Du kan avtale prøving ved utlevering

Materialpakke – sy bunaden sjølv

– Ein materialpakke inneheld det du treng for å sy heile eller delar av bunaden sjølv. Heimen Husfliden leverer materialpakkar til ei rekke bunader; kontakt oss for å finne ut om vi har materialpakke til din bunad.

– Ein materialpakke kan du få ferdig brodert eller med påteikning. Prisen vil ligge mellom kr 5.000 –
15.000. Skjorte vil komme i tillegg, og her ligg prisen for materialpakka på om lag kr 2.000.

– Materialpakkar kan fåast både i standard storleikar og etter mål. Dette varierer mellom ulike typar bunader.

Konsulenttimar

Vi tilbyr konsulenttimar med bunadsyarane våre, både for å komme i gang og om du skulle trenge hjelp undervegs. Prisen per konsulenttime er kr 850,-.

For meir informasjon:
Kontakt oss på +47 23 21 42 00, sentralbord@heimenhusfliden.no eller i våre bunadsavdelingar på Glasmagasinet eller i Rosenkrantz’ gate 8.