Kjøpsvilkår

Generelle vilkår

For å handle hos Heimenhusfliden.no må du vere 18 år eller eldre og ha leveringsadresse i Norge (med unntak av Svalbard og Jan Mayen), dessutan må du registrere deg hos oss.

Heimenhusfliden.no kan ikkje inngå avtalar med mindreårige utan godkjenning frå føresette. Bindande kjøpsavtale kan berre gjerast med personar over 15 år. Kredittkjøp kan berre gjennomførast av personar over 18 år og ein må ha kredittkortavtale med bank eller kortselskap.

Registreringa er gratis og utan forpliktingar om kjøp. Vi lagrar opplysingane på ein sikker måte og dei vil ikkje vere tilgjengelege for uvedkommande. Ta godt vare på passordet ditt. Dette for di eiga sikkerheit slik at ikkje uvedkommande skal misbruke profilen din. Du bestemmer sjølv passord når du registrerer deg. Du kan registrere deg her

Ver vennleg å lese gjennom dei generelle vilkåra for handel hos Heimenhusfliden.no. Ved kjøp av produkt har du samtidig akseptert og godkjent gjeldande føresetnader.

Nyheitsbrev

Når du opprettar ein kundeprofil hos oss må du ta stilling til om du ønskjer å få nyheitsbrev pr. e-post. På denne måten vil du sikre deg informasjon om nyheiter, kampanjar m.m. som kan vere interessante for deg. Merk at du når som helst kan melde deg av nyheitsbrevet via «mi side» eller via linken nedst i e-posten-en.

Adresseendring

For di eiga sikkerheit må du sjølv endre adressa under «Mine adresser» på «Mi side». Adressa du vel som standardadresse vil bli brukt som standard faktura- og leveringsadresse ved framtidige kjøp, men vil ikkje påverke eksisterande ordre. Vi sender alle pakkar til leveringsadressa som er lagra på ordren når vi registrerer innbetalinga di. Du vel sjølv leveringsadresse når du går til kassen. Du kan også sjølv endre leveringsadressa før betaling av ordren eller godkjenning av faktura/delbetaling. Dette må gjerast via «Mine ordrar».

Prisar

Alle prisar og beløp er oppgitt inkl. mva., men ekskl. frakt m.m. Prisane vil bli endra dersom det er endringar i leverandørane sine prisar, endringar i valutakursar, tollsatsar eller avgifter. Pristilbod frå oss er berre gyldige for ein periode på 14 dagar, dersom ikkje anna er skriftleg avtala.

Vi held i hovudsak same prisar i butikkane våre som på www.heimenhusfliden.no, men tilbod og variasjonar kan førekomme. Vel du å kjøpe produktet i butikken vår, må du halde deg til prisen som blir oppgitt der.
Vi tek atterhald om trykkfeil og prisendringar.

Betaling

I kassa kan du velje den betalingsmetoden som passar best for deg.

Betalingsmetode blir valt når du går vidare frå handlekorga. Du har følgjande val:

  • Betale med kort: Dette er ei sikker betalingsløysing der kortopplysingane dine ikkje blir sende vidare til nettbutikken. Beløpet blir reservert på kortet ditt og varene blir lagde i kø for pakking med ein gong du har utført betalinga. Du kan betale med følgjande kort: Visa og Mastercard.

Tilbod

Tilbod gjeld så langt lageret rekk.

Frakt

Frakta er gratis ved bestillingar over 2 000 kroner. Ved bestillingar under 2 000 kroner er frakta 80 kroner uavhengig av pakkens storleik og vekt.

All sending skjer med Postens klimanøytrale Servicepakke.

Levering

Alle bestillingar blir handterte løpande og varene blir sende til mottakar innan 3-5 virkedagar dersom vi har varene på lager. I høgsesongen og under sal kan leveringstida bli noko lengre. Forventa leveringsdato vil bli oppgitt ved varesjekkingsdelen av bestillinga, og i e-posten der ordren blir bekrefta.

Vi sender dessverre ikkje varer til utlandet. Varene kan leverast til bustadsadresser i eller leveringsstader i Noreg. Vi sender ikkje varer i oppkrav.

Returrett

Kjøp trygt i nettbutikken vår. Du har ope kjøp i 14 dagar, med full returrett i høve til føresegnene i kjøpslova som gjeld angrerett. I fristen er alle kalenderdagar med. Dersom fristen endar på ein laurdag, helgedagar eller høgtidsdag blir fristen forlenga til nærmaste virkedag.

Heimen Husfliden garanterer å refundere alle varer, under føresetnad av at dei er i god stand før dei blir returnerte.

Alle pakkane våre inneheld ein merkelapp med returadresse dersom du vil returnere varer.

Angreskjema

Til nettbutikken