Om Heimen Husfliden

Den Norske Husfliden på GlasMagasinet og Heimen Husflid i Rosenkrantz’ gate 8 har endra namn til Heimen Husfliden. Vi held fram med å tilby kundane våre det same gode utvalet av bunader og tradisjonsprodukt.

Med over 150 ulike bunader frå heile Norge, er Heimen Husfliden landets største leverandør av bunader.

Heimen Husflidens avdeling Rosenkrantz’ gate 8 består av butikk og bunadsproduksjon.
Butikken fokuserer på bunad og bunadstilbehør, i tillegg har vi eit breitt utval av vakre tekstilar, klesplagg, gåve- og bruksgjenstandar innan norsk og nordisk handverk og design.
I produksjonsavdelinga arbeider om lag 20 tilsette på sy- og teiknestova med å produsere bunader.

Kompetanse

Vi er stolte av at våre tilsette har mange fag og sveinebrev.
• 2 meisterbrev
• 7 bunadstilvirkar
• 8 kjole og drakt
• 5 dameskreddar
• 3 herreskreddar

I tillegg har fleire utdanning frå Drakt og samfunn, tallause kurs og seminar, konfeksjonsteknikar- og ingeniørutdanning frå inn- og utland.

Butikken på GlasMagasinet har ein del av dei same varene og bunadene som avdelinga i Rosenkrantz’ gate, men er meir profilert mot handarbeid. Der finst det eit rikhaldig utval av strikkegarn, broderiutstyr, vev og hobbyartiklar.

Heimen Husfliden er ein del av Husflidsdivisjonen as. Divisjonen består også av Solhjell as, som produserer bunader og bunadstilbehør som blir selt til forhandlarar rundt om i Norge.

Husflidsdivisjonen as er eigd av Bøndenes Hus som igjen er eigd 100 % av den frivillige organisasjonen Bondeungdomslaget i Oslo (BUL).
BUL er ein frivillig organisasjon, grunnlagt i 1899, som tilbyr
aktivitetar som folkedans, musikk, teater og idrett for folk i alle aldrar.
Aktivitetane til BUL er tufta på norsk folkekultur, bruk av nynorsk og
dialektar og tilbod om eit rusfritt miljø. BUL eig Bøndenes Hus AS 100 %.
http://bul.no/

Bøndenes Hus AS eig eigedommen Rosenkrantz’ gate 8 og har
dotterselskap som driv innan bunadsproduksjon, husflid, overnatting og kafé.
I tillegg til BUL si verksemd, huser eigedommen to av dotterselskapa.
Dei andre selskapa i konsernet er:

Hotell Bondeheimen,
etablert i 1913, eit hotell med 127 rom og konferanseavdeling.
Kaffistova, grunnlag i 1901, er ein av byens mest tradisjonsrike kafear.
Kaffistova serverer norsk tradisjonsmat i rause porsjonar fram til
kl. 21 kvar dag (kl. 19 laurdag og søndag) og er dessutan
frukostrestaurant for hotellet.
http://www.bondeheimen.com/
http://kaffistova.com/