1982 – Beltestakken A82 frå Aust-Telemark

1982 - Beltestakken A82 frå Aust-Telemark

Beltestakken A82 frå Aust-Telemark

Beltestakken kom i bruk som ein variant av den tradisjonelle Aust-Telemarksbunaden med broderi, men her var broderia i stor grad tekne bort. Ein valde difor i større grad å bruke ulike materialar og fargar saman.

Snitt på liv og forkle har vore i endring gjennom 1800-tallet, og i dag er det stor variasjon i forma på livet frå produsent til produsent. Felles for alle er stakken med ekstra vidde med det påsyddde hjulet, den breie kanten nede på stakken, forkle med farga band, det breie beltet og fargerike, broderte skjorter. Heimen Husfliden produserer ein beltestakk der livet har snitt frå første halvdel av 1850 åra, før liva vart så smale at de nærmast vart til selar.

Meir om Beltestakken.