Sjå alle våre bunader

Kjære kunde!

Smittevern
Vi vil gjerne hjelpe deg så du kan bestille bunad, men for at du og våre tilsette skal vere trygge og kunne halde avstand i desse tider, treng vi hjelp av deg ved bestilling, måltaking og utlevering/prøving.

For at du skal føle deg trygg desinfiserer vi overflater regelmessig, og handsprit er plassert ut fleire stader til bruk for kundane våre. Vi ser gjerne at kundane bruker munnbind i butikkane våre.

Måltaking til bunad
Ved måltaking til bunad ber vi deg om å ta med ein du bur saman med eller ein nær relasjon. Personen du har med deg kan så ta mål av deg etter rettleiing frå ein av våre tilsette.

Utlevering og prøving av bunad
Ved utlevering og prøving av bunad ber vi deg om å ta med ein du bur saman med eller ein nær relasjon. Personen du har med deg kan så hjelpe med påkleding av bunaden og tilbehør etter rettleiing frå ein av våre tilsette.

Ønskjer du å prøve bunaden heime, kan vi sende den til deg. Bunaden må i så fall vere fullt betalt.

Vi kan tilby facetime/teams eller annan digital konsultasjon for deg som ikkje kan komme innom for prøving av bunaden. Vi kan også tilby prøving av bunad utanom opningstid, dette må avtalast ved behov.

Vi har god plass i butikkane våre og ber om at kundane held minst 1 meters avstand til våre tilsette og til andre kundar. Vis hensyn og ta vare på kvarandre!

Vi ber om at personar som er sjuke, eller som er i isolasjon eller karantene grunna koronaviruset, ikkje besøker oss i denne perioden.

Tusen takk for hjelpa!

Korleis gå fram ved kjøp av bunad?

Les meir

Materialpakke – sy bunaden eller bunadskjorta sjølv

Les meir

Heimen Husfliden har to butikkar og systove midt i Oslo sentrum

Bunader, bunadsølv og anna bunadstilbehør frå dei fleste landsdelar. Materialpakkar for bunad og bunadskjorter og eit variert utval stoff, band og tilbehøret som du treng for å sy bunaden din. Vakre tekstilar til hus og heim, klesplagg, gåver, bruksgjenstandar, strikkegarn, broderiutstyr, vev og hobbyartiklar innan norsk og nordisk handverk og design.

Rosenkranz' gt 8 og Glasmagasinet

Våre butikkar

Les meir

Tradisjon, kvalitet og fagkunnskap

Systova i Oslo sentrum

Les meir

Handle på nett

Frakt
Gratis ved bestillingar over 2 000 kroner
Sending
Med Posten klimanøytrale Servicepakke
Levering
Trygg levering innan 3-5 virkedagar
Frakt - Gratis ved bestillingar over 2 000 kroner
Sending - Med Posten klimanøytrale Servicepakke
Levering - Trygg levering innan 3-5 virkedagar

Kjøp bunadsølv

Vakkert og varig tilbehør til bunaden din

I nettbutikken finn du bunadsølv frå dei fleste landsdelar og dessutan utvalde produkt frå det store sortimentet av bunadstilbehør og husflid i butikkane våre.

Halssølje
Halssølje, kvit/forgylt
Kr. 872,00
Sølje
Sølje, kvit/forgylt
Kr. 3 252,00
Øyrepynt
Øyrepynt, kvit/forgylt
Kr. 612,00
Spenne, messing
Kr. 1 630,00

Vedlikehald av bunadsølv

Les meir

Få 10% på bunadsølv ved kjøp av komplett bunad

(kun i butikk)

Vår rike og lange historie som går tilbake til 1892

Les meir

Vedlikehald av bunad

Les meir

Vedlikehald av bunadskjorte

Les meir

Kontakt oss gjerne!

Kontakt oss for meir informasjon