Arrangement

Velkommen til boksignering på Glasmagasinet torsdag 5. des kl 15 – 18

Møt bunadstilverkar og ettertrakta kurshaldar Barbro Tronhuus som signerar boka om sin lange kjærleik til broderi. Boka er for deg som er nysgjerrig på broderi som hobby eller yrke — og for deg som allereie er bitt av broderibasillen!

Barbro Tronhuus Storlien har brodert nesten heile livet og er ein av dei få som framleis broderer profesjonelt i Norge. Ho lang erfaring med å lære bort broderikunstens finurlegheiter, og med denne boka ønskjer ho å inspirere deg til sjølv å ta nål og tråd fatt.

Barbro viser deg at det som først kan sjå skummelt og vanskeleg ut, blir meir overkommeleg med nokreenkle grep. Du lærer mange ulike stingtypar og teknikkar, og ikkje minst smarte tips og råd som gjer det enklare å få eit pent resultat.

Mange av eksempla er henta frå det store mangfaldet av bunader og folkedrakter, men teknikkane, stinga og tipsa kan brukast til alle slags broderiprosjekt.

Boka gir deg også eit innblikk i ei norsk systove av i dag, og tar opp tankar om kulturarv, modernisering, tradisjon og vidareføring. Med djup respekt for gammal tradisjon er Barbro også avantgarde. Bli med og broder du også!

VELKOMMEN!