Bestille bunad

Bestille tid til måltaking
Når du har bestemt deg for kva for ein bunad du ønskjer, kan du bestille tid til måltaking enten via nettsidene våre, e-post, telefon eller kom innom oss for måltaking i butikkane.

Sølv
Vi gir deg 10 % rabatt på alt bunadssølv og tilbehør ved kjøp over disk ved bestilling av bunad eller materialpakkar.
Sølv som skal syast på bunaden må kjøpast ved bestilling av bunaden din.
Innlevering av eige sølv leverast ved bestilling.

Bestilling av bunad
Ved bestilling av bunad må det betalast delbetaling på (40 %) før bunaden blir sett i produksjon.
Delbetalinga må betalast direkte i butikk, eller du kan opprette ein Heimen Husfliden-konto.

Når du har bestemt deg for at du vil ha ein ny bunad, kan Heimen Husfliden hjelpe deg vidare.
Med eit stort utval av ulike bunadmodellar frå heile landet, vil dei fleste kunne finne sin bunad hos oss. Vi tilbyr bunader sydd etter dine mål i ulike utføringar.