Borghild Tranum Røer med døtrer

Desse flotte bilda har vi fått lov til å bruke av Ellen Lund i august 2018. Ho er dotter av Ragnhild Lund (født Røer) og barnebarn av Borghild Tranum Røer. Ragnhild Lund den einaste av søskena som lever i dag.

Fotograf er Lars Bry (1904-1988) arbeidde som fotograf på Eidsvoll i 41 år før han reiste tilbake til heimbygda Hovet i Hol kommune.

Det viser frå venstre Halldis (den eldste av døtrene, født 1920), Kari (den yngste, født 1931), Borghild, Inger, Ragnhild (mor til Ellen Lund) og Bjørg. Halldis har på seg ein bunad frå 1936 med broderi berre på forkleet, ikkje på stakken. Denne blei gitt til Ullensaker historielag i 2013 og er no utstilt i monter på Kløfta bibliotek. (Siste vedlegg)

Inger sin bunad er grøn, sjølv om den ser nesten svart ut på bildet. Ellen Lund sjølv bruker i dag bunaden som Bjørg har på seg heilt til høgre på bildet. (Ellen Lund)

Borghild Tranum Røer med døtrer

Borghild Tranum Røer døtrer, L40