Hundreårsdrakten dame

Hundreårsdrakten er designa i 2005 av Eva Lie i samband med 100-årsmarkeringa av Norge.

Damedrakta har eit reint og enkelt snitt kombinert med frodige raude og gylne tonar. Livet er i raud silke med snirklete blomsterbroderi, og stakken er svart. Forkleet har påsydde band i raudtonar som står til livet. Her kan ein velje kvit bomullskjorte eller gul silkeskjorte. Fargane i festdrakta går i raudt, svart og gyllent. Stoffa er i ull, silke og bomull, medan smykka er laga i sølv og gull og pryda med edelsteinar.

Inspirasjon til denne drakta henta Eva Lie frå Jugendstilperioden som var vesentleg rundt hundreårsskiftet og tida rundt unionsoppløysinga i 1905 mellom Norge og Sverige.

Bunadsområde:
Noreg/Norge

Detaljar

Stakk og liv

Stakken er i svart tynt ullstoff og livet er i raud silke, begge delar med gylne tittekantar.

Forkle

Svart silke og ulldamask med raude og gylne band.

Skjorte

Kvit bomull med blonder på mansjettar, krage og bryst eller gyllen silkeskjorte.

Ytterplagg

Svart jakke med breie fløyelskantar og gylne detaljar.

Sko

Svarte.

Sølv

Det er utarbeidd eige sølv til Hundreårsdrakten.

Tilbehør

HUL 25014 – Damebrosje til Hundreårsdrakten
HUL 25015 – Damebrosje til Hundreårsdrakten, med steiner
HUL 25710 – Empire nål til Hundreårsdrakten, forgylt
HUL 25010 – Empire nål til Hundreårsdrakten, oksidert
HUL 25016 – Beltespenne til Hundreårsdrakten