Hundreårsdrakten herre

Hundreårsdrakten er ein festdrakt designa av Eva Lie i samband med 100-årsjubileet for unionsoppløysinga i 1905.

Inspirasjonen er henta frå Jugendstilperioden som spelte ei betydeleg rolle ved hundreårsskiftet og i tida rundt unionsoppløysinga. Fargane i festdrakta går i raudt, svart og gyllent. Stoffa er i ull og bomull, medan smykka er laga i sølv og gull og pryda med edelsteinar.

Det flotte sølvet til drakta er utarbeidd av Elise Thiis Evensen for Huldresølv.

Mannsdrakta består av jakke, to vestar, lang bukse, knebukse, skjorte og halstørkle. Smykka i sølv består av store og små sølvknappar, halssølje og mansjettknappar.

Bunadsområde:
Norge

Detaljar

Jakke og bukse

Jakka er i svart ull med fløyelskrage og fløyelspaspoleringar, og har ti store sølvknappar. Langbuksa, som er i svart, lett og behageleg ullflanell, er heilfôra og har to sølvknappar nedst på kvart bein. Knebuksa, enten med lukeopning i svart ull med to sidelommer, knesplitt og knelinning utstyrt med store og små sølvknappar i tillegg til sølvspenner eller med herrelukking i svart ull med to sidelommer, knesplitt og knelinning med 3 små sølvknappar på kvart kne.

Vest

Den svarte vesten, i finmønstrete handvove ull/silke brokade, har tolv dobbeltspente små sølvknappar. Den raude vesten, også med tolv dobbeltspente små sølvknappar, er laga i rein silkebrokade med svart botn med raude og grøne blomstrar og blad.

Skjorte

Skjorta er i kvit bomull.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Knappane, halssølja og mansjettknappane til drakta er laga etter orginale uniformsknappar frå Preusserhæren ved århundreskiftet.

Anna tilbehør

Halstørkle i silke; her kan ein velje mellom heilt svart mønstrete, svart/gyllent eller raudt/grønt.

Tilbehør

HUL 25020 – Sølje med pins til Hundreårsdrakten
HUL 25022 – Hundreårsknapp, stor
HUL 25021 – Hundreårsknapp, liten
HUL 25023 – Mansjettknappar Hundreårsdrakten herre