Sigdal-Eggedal herrebunad

Herrebunad frå Sigdal-Eggedal i Buskerud er inspirert av i ei steglatrøye frå 1700-tallet som no er på Norsk Folkemuseum. Ei steglatrøye er ei jakke med eit karakteristisk ryggsnitt, gjerne sjutalsform på ryggsaumane og isydde kilar som dannar bølgjeform. Bunaden blir gjerne omtalt som Mannsbunad frå Sigdal, Eggedal og Krødsherad.​

 

Detaljar

Jakke

Lang, open jakke i kvitt klede utan fór. Den har raude kantband i klede langs framkant, rundt krage, langs klaffen på ermtoppen og rundt ermavslutning ved handledd. Ermane har ein splitt der det også er brodering ved knapphol og der ermsplitten startar. Jakka skal ikkje lukkast.

Bukse

Knebukse med lukeopning i svart klede. Den har to sidelommer, knesplitt og knelinning med spenne. Buksa har brodering på luka og langs knesplittane.

Vest

Dobbelspent, fora vest i raudt klede. Vesten har to sidelommer og baskerlin i rygg.

Skjorte

Kvit skjorte utan broderi i bomull.

Strømper

Kvite mønsterstrikka strømper, fåast både handstrikka og maskinstrikka.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Tinn- eller sølvknappar.

Anna tilbehør

Raud kollelue og silkeskjerf. Hoseband og bukseselar for å halde oppe bukse og strømper.

Tilbehør

240100 – Halsring, oksidert
074100 – Mansjettknappar, oksidert
021100 – Skospenne, oksidert