Vår historie

1892

Den Norske Husflidsforening

Husflidsaka stod sterkt på slutten av 1800-tallet. Industrisamfunnets framvekst førte til tilbakegang for husflid, og mange av Oslos framståande borgarar ivra for å bevare norske husflidstradisjonar. I 1891 slo tre husflidsforeiningar seg saman til Den Norske Husflidsforening. I 1892 etablerte foreininga sin eigen butikk i Carl Johans g. 27 og organiserte ein omfattande produksjon av […]

Les meir
1899

BUL

BUL blir grunnlagt. BUL er ein frivillig organisasjon som tilbyr aktivitetar som folkedans, musikk, teater og idrett for folk i alle aldrar.
Aktivitetane til BUL er tufta på norsk folkekultur, bruk av nynorsk og dialektar og tilbod om eit rusfritt miljø. BUL eig Bøndenes Hus AS 100%.
www.bul.no

Heimen Husfliden er, gjennom morselskapet Bøndenes Hus, eigd av Bondeungdomslaget i Oslo (BUL).

Husflidskurs
1900

Husflidskurs

Husflidskurs i regi av Den Norske Husflidsforening ved årshundreskiftet.

Husflidskurs ca 1900
1900

Husflidskurs ca 1900

Husflidskurs i regi av Den Norske Husflidsforening ved årshundreskiftet.

Klara Marie Semb
1902

Klara Marie Semb

Klara Marie Semb (1884-1970) førte vidare det arbeidet Hulda Garborg hadde gjort med å ta tradisjonsdansen i Norge. Ho byrja i Bondeungdomslaget i 1902.

Kaffistova i Grensen
1909

Kaffistova i Grensen

Historia om Heimen Husflid
1912

Historia om Heimen Husflid

Historia om Heimen Husflid begynner ved starten av 1900-talet og har tilknyting til kultur- og teatermiljøet i Oslo på denne tida. Ekteparet Aksel Waldemar (1880-1922) og Anna Johannessen (1879-1923) starta i 1912 opp Heimen Teiknekontor, som seinare vart til Heimen Husflid, i Rosenkrantz’ g. Aksel Waldemar hadde jobba som kulissesnekkar ved Det Norske Teatret, og […]

Les meir
Valdresbunaden S1
1919

Valdresbunaden S1

Valdresbunaden ble utarbeidd i 1917-19 av Hulda Garborg i samarbeid med Anna og Aksel Waldemar Johannessen.

Broderiet til Valdresbunaden 1919 er frå ei gammal gråbrun fløyelsluve med prydsaum i lin og bomull, utlånt frå Bang Bygdesamling. Snittet på livet er tatt frå eit gammalt kjoleliv frå 1840-50-åra.

I 1948 gjorde Valdres kulturnemnd vedtak om ei forandring på utforminga av bunaden, slik at bunaden vart levert utan forkle, men med broderi på stakken.

Valdresbunad har eit formsydd liv med broderi, og stakk med tilsvarande broderi. På stakken er broderiet plassert nede slik at dei separate motiva dannar ei bord heile vegen rundt. Motiva i broderiet er organiske blad- og blomsterliknande former i klare fargar. Ein kan velje å ha forkle til bunaden, men då er det ikkje broderi på stakken.

Trøya (jakka) er utarbeid av Heimen i 1954-55, etter ei gamal pipetrøye frå Kvien.

Anna og Aksel Waldemar
1920

Anna og Aksel Waldemar

Tidleg på 1920-talet vart både Anna og Aksel Waldemar råka av alvorleg sjukdom. Aksel Waldemar døydde i 1922 og Anna berre nokre månader seinare.
Før ho døydde fekk Anna, med hjelp frå Hulda Garborg, selt Heimen Husflid til Bondeungdomslaget i Oslo.
Heimen flytta etterkvart over til Rosenkrantz’ gate 8, der bedrifta framleis held til.

1920

Rogalandsbunaden

Heimen utarbeidde Rogalandsbunaden på 1920-tallet.

Snitt på liv og stakk blei henta frå det ein allereie hadde i Rogaland. Livet finst i to ulike variantar; eit skøyteliv frå slutten av 1700-tallet og eit liv som blir montert til stakken, der originalen er frå Suldal. Det hører med fløyelsbelte med spenne. Forkle- og sjalsettet finst i to broderivariantar, eit frå Frafjord og eit frå Jelsa. Broderiet frå Frafjord har blomstrar i djupe og kalde raudtonar der bladverket har nokså spiss form. Broderiet til Frafjord fann Heimen på ei lue frå Frafjord i Rogaland. Broderiet frå Jelsa går i varme raudnyansar og blomstrane har ei rundare form. Heimen tok utgangspunkt i ei lue frå Jelsa som dei fann på Stavanger Museum. Begge broderia frå Rogaland har innslag av grønt, blått og gult.

Gudbrandsdalbunad B1 – B1xx festbunader
1922

Gudbrandsdalbunad B1 – B1xx festbunader

Heimen utarbeidde denne bunaden i 1922 som er i to utgaver med og uten forkle.
Karoline Grude vart tilsett som bestyrinne i Heimen da BUL overtok forretninga i 1923. Ho tek fatt i arbeidet med jobbe ut nye modellar etter same utgangspunkt som B 95.

Aksel Waldemar Johannessen tegna ut broderimønstret etter ein gamal brodert stakk som er på Norsk Folkemuseum. Snittmønstret til livet er det same som til rutaliv og råndastakk.

1923

Heimen Husflid og BUL

I 1923 blei Heimen Husflid overtatt av Bondeungdomslaget i Oslo.

1923

Karoline Grude

Karoline Grude frå Rogaland var driftsstyrar for Heimen i perioden 1923-1947. Fr. Grude dreiv Heimen godt gjennom nedgangs- og krigstider og etterlet seg ei trygg verksemd basert på bunadsmønster, erfarne fagfolk og eit godt namn.

1925

Heimen Husflid lokaler

I 1925 flyttet Heimen Husflid til nye lokale i Kristian IVs gate 4. Det vart den første av mange flyttingar fram til Heimen fekk fast tilhald i Rosenkrantz’ gate 8.

Nordlandsbunad G1 Vefsn
1928

Nordlandsbunad G1 Vefsn

Den første Nordlandsbunaden for kvinner vart sydd på Vefsn folkehøgskule vinteren 1928. Arbeidet blei leia av Anne Svare, handarbeidslæraren på skulen. Bunaden blei vist fram for første gang på årsmøtet til Hålogaland ungdomslag i 1928.

Den først prøvebunaden er no i samlinga til Vefsn museum. Stakkborden vart teikna av Karoline Grude ved Heimen i Oslo.

Nordlandsbunad G1 Vefsn er en av våre mest populære bunader, og har fleire gonger vunne konkurransen om Norges vakraste bunad. Den har eit flatterande snitt og nydeleg broderi. Broderiet er plassert både framme og bak på livet, medan stakken har ei brodert bord i nederkant. Nordlansbunaden kjem i blått eller grønt.

Heimen Husfliden er godkjend av Hålogaland Ungdomslag som forhandlar av Nordlandsbunaden.

 

Aust-Telemarkbunad A32
1932

Aust-Telemarkbunad A32

Aust-Telemarksbunad med Lekjabord er utarbeidd av Heimen i 1932 med utgangspunkt i eit gammalt forkle og ein gammal plansje frå boka «Søm i Norske Bygder».

Livet er raudt med brunt broderi og stakken er svart eller blå med fleirfarga broderi. Under den broderte borden på stakken er det ein grøn og ein raud kant av same stoff som stakken. Veska har broderi og er i same farge som stakken. Til Aust-Telemarksbunaden kan ein bruke ei raud, brodert jakke som er grunnen til at denne bunaden ofte kallast Raudtrøyebunaden.

Romeriksbunad L40
1940

Romeriksbunad L40

Romeriksbunad L40 er ein av dei mest populære bunadene Heimen Husfliden fører. Bunaden ble utarbeida av Heimen i samarbeid med Borghild Tranum Røer i åra 1936 – 40. Broderiet på bunaden er etter ei gammal bunadsveske frå Ullensaker som er frå ca 1770 – 80-åra. Veska på dagens bunad er nesten identisk med den gamle. […]

Les meir
Aust-Telemarkbunad A41
1941

Aust-Telemarkbunad A41

Aust-Telemarkbunad A41 blei utarbeidd av Heimen i 1941 med utgangspunkt i Aust-Telemarkbunaden med Lekjabord som er utarbeidd etter ein gammal plansje og eit gammalt forkle.

Borden på forkle og stakk er henta frå det gamle forkleet, og livet er teikna etter den gamle plansjen. Forutan den raude jakka er også det breie beltet typisk for Aust-Telemarkbunad og kjem i forskjellige fargekombinasjonar.

Romeriksbunad L 46
1946

Romeriksbunad L 46

Bunaden er utarbeidd av Heimen i samarbeidd med Borghild Tranum Røer i  1942-46.

Broderiet på bunaden er etter eit ”skaberakk” (hesteteppe) frå Enebakk frå 1730 åra.
Snittet på livet er kopiert etter ei gammal trøye frå Sørum med skjøter og klokkeopning framme på livet.

 

Sørkedalsbunaden
1947

Sørkedalsbunaden

Sørkedalsbunaden var ferdig utarbeidd i 1947 av Sørkedalen Sanitetsforening.

Broderiet tok dei frå dekoren på eit kistelokk frå Øvre Lyse, fasongen på bunaden hadde ein ikkje noko forbilde til og den blei derfor som ”alle dei andre”. Med andre ord tok ein utgangspunkt i kva som var vanleg på andre bunader. Broderiet på skjorta er etter ei skjorte som var arva frå Nordmøre. Frå januar 1998 overtok Heimen produksjonen av bunaden.

Valdresbunad S2
1948

Valdresbunad S2

Valdresbunaden 1948 er utarbeidd av Heimen i samarbeid med ei nemnd frå Valdres i 1947-48.

Fasongen på bunaden er kopiert etter ein bunad frå Semelenge i Vestre Slidre frå om lag 1840-åra, mens broderiet er arbeidd ut etter ei lue sydd av Eli Hagen (fødd Sundheim i 1821). Mønstret var ein kopi frå mor hennar sin stakk. Snittet på dagens lue er lik den gamle.

Den Norske Husflidens vevstove i Møllergt 4.
1950

Den Norske Husflidens vevstove i Møllergt 4.

Frå Den Norske Husflidens vevstove i Møllergt 4. Vevstova blei oppretta då DNH flytta dit ca 1928 og nedlagt då huset blei rive ca 1990.
Her blei det utvikla tallause mønster og vevd spesialbestillingar som tekstilar til Kongeskipet, duk til Olavshallen og kyrkjetekstilar.
Bilete frå ca 1950.

Romeriksbunad L55
1955

Romeriksbunad L55

Bunaden er utarbeidd av Heimen i samarbeid med Borghild Tranum Røer i 1955. Broderiet på bunaden er frå ein sko av raudt ullty med kvitt silkebroderi frå 1700-talet, som blei funne i Enebakk eller Fet. Stoffet til livet er i gul damask med grøne fløyelskantar og gullband eller grønt damaskliv med gule fløyelskantar og gullband. […]

Les meir
Aust-Telemarkbunad DNH A57 
1957

Aust-Telemarkbunad DNH A57 

Aust-Telemarkbunaden DNH er utarbeidd av Telemark Husflidslag i samarbeid med Den Norske Husflidsforeningen i Oslo. Dei har med denne bunaden vidareutvikla den bunaden Anne Bamle utvikla på 1920-tallet med utgangspunkt i tidleg 1800-talls drakttradisjonar.

Beltestakken A82 frå Aust-Telemark
1982

Beltestakken A82 frå Aust-Telemark

Beltestakken kom i bruk som ein variant av den tradisjonelle Aust-Telemarksbunaden med broderi, men her var broderia i stor grad tekne bort. Ein valde difor i større grad å bruke ulike materialar og fargar saman.

Snitt på liv og forkle har vore i endring gjennom 1800-tallet, og i dag er det stor variasjon i forma på livet frå produsent til produsent. Felles for alle er stakken med ekstra vidde med det påsyddde hjulet, den breie kanten nede på stakken, forkle med farga band, det breie beltet og fargerike, broderte skjorter. Heimen Husfliden produserer ein beltestakk der livet har snitt frå første halvdel av 1850 åra, før liva vart så smale at de nærmast vart til selar.

1994

Hallingdal – Huldabunad 1994

Heimen kopierte denne bunaden i 1994, etter Hulda Garborg sin bunad som står på «Det Norske Teater». Bunaden er nøyaktig kopiert i snitt og farger etter bunaden.
Huldabunad frå Hallingdal har eit tett og fargerikt broderi på livet, forklelinningen og stakkeborden.

Beltestakk frå Aust-Telemark
1998

Beltestakk frå Aust-Telemark

Beltestakk med broderte livet vart rekonstruert av Tone Huus for Heimen i 1998.

Denne beltestaken er rekonstruert og har faste rammer for korleis han skal sjå ut og lagast. Det er eige forkle til denne beltestakken, og belte og skjorte er fastsett.

1998

Den Norske Husflidsforenings og Norsk Folkemuseum i Oslo

I 1998 blei Den Norske Husflidsforenings svært omfattande modell- og mønstersamling donert til Norsk Folkemuseum i Oslo, der den er registrert med fleire tusen modellar og teikningar frå perioden 1892- 1985.

Les meir
Jubileumsdrakten for Oslo
1999

Jubileumsdrakten for Oslo

Jubileumsdrakten for Oslo vart teikna av designaren Eva Lie til Oslos tusenårsjubileum i 1999.

Husfliden flyttar inn i nye lokale
2004

Husfliden flyttar inn i nye lokale

Etter 80 år flyttar Husfliden frå Møllergata 4 til Lille Grensen 7 i november 2004.

Les meir
2007

Den Norske Husfliden og Bøndenes Hus-konsernet

Den Norske Husfliden kom med i Bøndenes Hus-konsernet i 2007, og i november 2009 flytta butikken inn i nye, stilfulle lokale i GlasMagasinet på Stortorvet. Butikken har ein del av dei same varene som Heimen, men er meir profilert mot strikk, vev og hobbyartiklar.

2013

Olavsrosa

Bøndenes Hus i Rosenkrantz’ gt. 8 med Bondeheimen, Kaffistova, Heimen Husflid og Bondeungdomslaget i Oslo blir tildelt kvalitetsmerket Olavsrosa for god ivaretaking av ein bygard med høg arkitektonisk verdi og for eit framifrå kulturinnhald i drift og verksemd.

2015

Solhjell AS og Bøndenes Hus

Våren 2015 kjøpte Bøndenes Hus 70% av aksjane i Solhjell AS. Kåre Solhjell Konfeksjonsfabrikk AS kan føre historia si tilbake til 1947 i Molde. Bedrifta produserte dei første bunadene i 1985, i hovudsak mannsbunad frå Hallingdal og Vest-Telemark.

I august 2015 blei det vedtatt av Bøndenes Hus at alt av husflid skulle leggast under ein eigen divisjon, og Heimen Husfliden AS blei stifta. Under Heimen Husfliden AS ligg Heimen LL Husflitsutsal, Den Norske Husfliden AS og Solhjell AS.

2016

Heimen Husfliden

Den Norske Husfliden på GlasMagasinet og Heimen Husflid i Rosenkrantz’ gate 8 har endra namn til Heimen Husfliden.

Heimen Husfliden er ein del av Heimen Husfliden AS. Divisjonen består også av Solhjell AS,  som produserer bunader og bunadstilbehør som blir selt til forhandlarar rundt om i Norge.

Heimen Husfliden AS er eigd av Bøndenes Hus som igjen er eigd 100 % av den frivillige organisasjonen Bondeungdomslaget i Oslo (BUL).

2017

Nyoppussa butikk på Glasmagasinet

Etter to år med oppussing opna det nye Glasmagasinet 14. september 2017. Vi opna vår nyoppussa butikken i underetasjen i byens vakraste og mest ærverdige varemagasin Glasmagasinet på Stortorvet. I butikken vår på Glasmagasinet har vi eit rikhaldig utval av strikkegarn, broderiutstyr, vev og hobbyartiklar. Vi har også ei flott bunadsavdeling og bunadstilbehør frå dei […]

Les meir