Oransjeskjerfaksjonen

Bli med på årets varmeste strikkedugnad

Dugnadsånd og heimestrikka varme!

I år, som i fjor, ønskjer vi strikk av både skjerf, sokkar, vottar og luer, der stofflappen med bodskapen «Et varmere samfunn» blir sydd på. I tillegg må du gjerne strikke ullplagg i andre fargar, også dei med stofflappen «Et varmere samfunn». Vi håper du vil vere med på årets strikkedugnad saman med Heimen Husfliden og Kirkens Bymisjon.

 

Vil du vere med på årets varmaste dugnad?

Det oransje skjerfet er handstrikka omsorg og varme. Det viser støtte og solidaritet til dei som frys, til dei heimlause og dei som har det vanskeleg, spesielt i den kalde, norske vinteren.

 

Korleis delta?

På Heimen Husfliden får du kjøpt oransjeskjerfgarnet eller anna garn, i tillegg til lappar med «Et varmere samfunn». Det går med 4-5 nøste per skjerf, 2-3 nøste per vott/lue/sokkar. Oppskrifta er svært enkel, og du kan få med eit eksemplar når du kjøper garn hos oss. Oppskrifter finst også på Kirkens Bymisjon sine nettsider.

 

Ønskjer du å lære deg å strikke?

Då kan dette prosjektet vere eit godt startprosjekt! Vi i butikken hjelper deg gjerne med å komme i gang. Strikk gjerne noko til deg sjølv også, har du på deg skjerfet viser du at du ønskjer å bidra til eit varmare samfunn.

 

Kor levere plagga?

Dei strikka plagga kan du levere inn til Heimen Husfliden avd. Glasmagasinet innan 30. oktober for å være med i trekkinga av eit gåvekort, eller til Kirkens Bymisjons mottakssenter gjennom heile vinterhalvåret.

 

Vinn eit gåvekort!

Alle som leverer inn eit strikka plagg innan 30. oktober til Heimen Husfliden-butikken i underetasjen, er med i trekninga av eit Glasmagasinet gåvekort på kr. 500,-. Vi tar imot bidraget ditt med glede, og vi deler ut 5 gåvekort. Bli med i trekninga!

Garnprodusenten House of Yarn gir 5 kr per nøste til Kirkens Bymisjons arbeid for eit varmare samfunn!

 

Del gjerne strikkeprosjektet ditt i sosiale media med:

#etvarmeresamfunn #heimenhusfliden_glasmagasinet #heimenstrikk og #detfinnesalltidenanledning

For meir informasjon om aksjonen, sjå kirkensbymisjon.no/oransjeskjerf

Takk for at du strikkar for eit varmare samfunn!