Romeriksbunad L40

Romeriksbunad L40

Romeriksbunad L40 er ein av dei mest populære bunadene Heimen Husfliden fører. Bunaden ble utarbeida av Heimen i samarbeid med Borghild Tranum Røer i åra 1936 – 40.

Omrisset på livet er tatt etter ei gammalt liv frå Romerike frå omkring 1760-1780 åra. Mønsteret på lue er tatt etter ei gamal lue frå Romerike frå omkring same tid.

Broderiet på bunaden er etter ei gammal raud bunadsveske med gyllent silkebroderi frå Ullensaker som er frå ca 1770 – 80-åra. Veska på dagens bunad er nesten identisk med den gamle.

Broderiet til bunaden er utarbeidd av Ivar Klæbo etter lomma frå Ullensaker.

Ein kan velje mellom fleire forkle på bunaden, og om ein vil ha brodert ryggrose på ryggen eller om ein vil ha brodert belte.

Romeriksbunaden L40 har ei brodert bord i gultonar nede på stakken og på forkleet, og livet har tilsvarande broderi. Lenge har den blå bunaden vore mest vanleg, men stadig fleire vel blant dei fire andre fargealternativa; raud, blågrøn, skarp grøn og mørk grøn.

Heimen har utabeid to forskjellige skjortemønstre til denne bunaden. Skjortane har same snitt med innfelling på skuldra og rynka hals. Broderi på hals og armlinningar.