Val av bunad

Når du har bestemt deg for at du vil ha ein ny bunad, kan Heimen Husfliden hjelpe deg vidare.
Med eit stort utval av ulike bunadmodellar frå heile landet, vil dei fleste kunne finne sin bunad hos oss.

Utval av bunader
Bilete finst på nettsiden vår, informasjon og modellar i våre to butikkar.

Val av bunad
• Nokon vel bunad ut ifrå den staden dei har vakse opp, andre ut ifrå kvar foreldra eller besteforeldra er fødde eller kjem frå, andre ut frå kvar dei bur og andre kva dei meiner kler dei best.
• Våre dyktige tilsette kan gi deg rettleiing på dette.
• Du får informasjon om valmoglegheitene av tilbehør som kan brukast til bunaden din i våre to butikkar.
• Ved bestilling brukast ei sjekkliste få å sikre at du får med alt med alt tilbehøret du ønsker.

Val av tilbehør
• Valmoglegheitene av stoff og band varierer mykje mellom dei ulike bunadene.
• Vi har prøver på dei fleste stoffa og banda i våre to butikkar.
• Du får også informasjon om kvar dei ulike stoffa er produsert.