Vedlikehald

Naturmateriale treng luft
Du bør lufte bunaden din kvar gong du har brukt han. Rist bunaden godt og fjern eventuelle flekker. La bunaden henge fritt i ein stoffpose når han ikkje er i bruk. Heimen Husfliden har skjortepose og bunadspose til sals i butikken. Oppbevar aldri bunaden din i ein plastpose!

Unngå slitasje under oppbevaring
For å unngå slitasje på skuldrane, er det lurt å sette i eit par lange hemper på innsida av linningen som bunaden kan henge etter. Vreng bunaden slik at livet då heng ned inni stakken. Pass òg på at forkleet blir hengande glatt og fint.

Bunadsskjorter
Vask skjorta etter bruk og oppbevar den liggande i ein skjortepose mellom kvar vask. Vent med å stryke skjorta til neste gong du skal bruke henne, elles kan stoffet gulne over tid.
Linskjorter må ikkje vaskast på meir enn 60 grader, elles vil fibrane bli skada og stoffet sprøtt. Bruk skånsamt vaskemiddel eller bunadssåpe som er vispa godt ut i vaskevatnet. Skyll godt! Ved maskinvask må ein vaske på ”skåneprogram”. Følg vaskeanvisninga og bruk vaskepose.

Stryking av bunadsskjorte
Start i god tid, gjerne eit par dagar før du skal bruke skjorta. Dynk først skjorta godt og legg henne i ein plastpose nokre timar, eventuelt over natta. Bruk ullprogrammet på strykejernet og start med å stryke på vranga. La skjorta henge og tørke til neste dag, og stryk så over skjorta ein gong til på retta. På denne måten vil skjorta halde seg glatt lenger.

Bunadssølv
Oppbevar alltid sølvet i ein tett plastpose, kvar sølje i eigen pose. Då unngår du riper, og når lufta ikkje slepp til, oksiderer sølvet heller ikkje så fort. Med pusseklut og brett frå Sylvsmidja vernar du bunadsstoffet og gjer jobben med pussing av bunadssknappar enkel. Sølvet bør vaskast etter bruk i ein bolle varmt vatn tilsett oppvaskmiddel (t.d. Zalo) og salmiakk. Skyll godt i rennande vatn. La vere å ta på sølvet – det lagar flekker – men tørk det godt på eit handkle eller med ein hårtørkar.
Har sølvet oksidert og blitt mørkt, må det pussast med sølvpuss, men ikkje bruk ”sølvdipp”. Påsydde hekter må sprettast av bunaden før du pussar dei.
Har sølvet ditt blitt veldig ille, bør du spandere oppussing hos sølvsmed.
Sølvknappar på mannsbunad kan pussast på bunaden, bruk gjerne pussebrett (ei plate med hakk i) for å beskytte stoffet.