Vi byggjer om i Arbeidergata 1

Vi byggjer om i Arbeidergata 1, men er framleis opne for måltaking til ny bunad, prøving og henting av bunad

Kjære kunde!

Vi byggjer om butikken vår i Arbeidergata 1, men er framleis opne for måltaking til ny bunad, prøving og henting av bunad. Alle timar må avtalast på førehand på e-post: Butikk.Rosenkrantzgate@heimenhusfliden.no

 

Har du timeavtale nyttar du inngangen til Hotell Bondeheimen, og vi møter deg i resepsjonen. Vi er tilgjengelege på telefon 23 21 42 00 kvardagar frå 10 til 17.

 

Skal du levere varer til butikken? Bruk inngangen til Hotell Bondeheimen, så møter vi deg i resepsjonen.

 

NB! Butikken vår på Glasmagasinet har vanlege opningstider!

 

Systova vår er open som vanleg, men alle timar må avtalast på førehand:

For prøving av bunad i bestilling
kan du avtale time på e-post: systova@heimenhusfliden.no.
Ønskjer du omsaum av bunad sender du ein e-post: systova@heimenhusfliden.no for å avtale tid. Bunaden må vere reinsa før den blir levert inn til omsaum.

 

Har du timeavtale kan du ringe på ved inngangen til systova i Arbeidergata 1. Har du behov for heis kan du nytte inngangen til Hotell Bondeheimen, og vi møter deg i resepsjonen.

 

Materialpakkar kan bestillast på e-post: Teiknestova@heimenhusfliden.no.

 

Skal du levere varer til systova? Bruk inngangen til Hotell Bondeheimen, så møter vi deg i resepsjonen.

 

Vi sest snart i ny og flott bunadsbutikk!