Om oss

  • Om Heimen Husfliden
  • Ledig stilling
  • Berekraft
  • Openheitslova

Kundeservice

  • Ofte stilte spørsmål
  • Gåvekort
  • Personvern 
  • Kjøpsvilkår
  • Heimen Husfliden konto

For kunder

  • Bestill time
  • Kontakt oss
  • Butikkane våre
  • Opningstider
  • Instagram Arbeidergata
  • Instagram Glasmagasinet
  • Facebook
  • TikTok
  • YouTube
Design og utvikling av
Gå til hovedinnhold
  • Finn din bunad
  • Bunadstilbehør
  • Garn og strikk

Ofte stilte spørsmål

Me har samla nyttig informasjon som kan hjelpe deg med alt frå netthandel og levering til bunadstilpassing og garnvalg. Me veit at det kan dukke opp små og store spørsmål når du handlar hos oss — og me ønskjer å gjere det enkelt for deg å finne svar.

Det finst ingen regel for kva slags bunad du skal velje, men dei aller fleste synest det er ekstra hyggeleg å kunne bruke bunaden frå den staden ein kjenner seg mest knytt til eller kjenner aller best.

Vi brukar stoff og materialar av høg kvalitet hovudsakleg frå norske leverandørar. Les meir her.

Ja, det kan vi. Ta gjerne kontakt med systova vår på e-post.Våre dyktige medarbeidarar kan i dei fleste tilfelle hjelpe til med både omsying og reparasjon, men vi må sjå bunaden først. Bunaden må reinsast før den blir levert inn til retting.

Levér bunaden din til reins eller fiks hos Heimen Husfliden. Du kan også få pussa og fiksa bunadsølvet og dessutan få reparert bunadskorne dine.

Sjå meir her for vedlikehald av bunad.

Heimen lagar materialpakkar til bunader frå heile landet for den som vil sy bunaden sin sjølv.Vi har ikkje bunadskurs, men kan tilby konsulenttimar delar av året med bunadsyarane våre, både for å komme i gang og om du skulle trenge hjelp undervegs. Prisen per konsulenttime er kr 1250.-. Sjå skjema under for bestilling av konsulenttime.

Mange lokale lag og foreiningar, t.d. husflidslag og bondekvinnelag, arrangerer bunadskurs for sine distrikt.

Heimen driv ikkje med taksering av gamle ting, men vi kan gi pris på ein ny bunad, slik at du får vite gjenkjøpsverdien. Ta kontakt med forsikringsselskapet ditt for å undersøke kva som må til for å få forsikra bunaden. Vi fakturerer konsulenttimar for denne typen tenester.

Ønskjer du prisliste på ny bunad, send oss gjerne ein mail.

I dei aller fleste tilfelle passar det best med bunadssko til bunad. Vi har mange modellar å velje blant i begge våre to butikkar. Sjå våre salsstader og opningstider.

Vi tilrår at ein bruker hovudplagg som høyrer til bunaden. Nesten alle bunader har eige hovudplagg som lue, skaut, hårvippe, hatt el. Som eit alternativ kan du også bruke silkeskjerf som kan knytast på hovudet. Sjå nettsida vår for alle bunader vi leverer – her finn du mykje inspirasjon!

Heimen driv med sal av bunader, og vi har nokre brudekroner for utleige – kontakt oss på e-post. Det finst eigne firma som driv med bunadsutleige, dessutan har enkelte lag og foreiningar eit lite utval bunader til utleige.