Bunads- og husflidsbutikken i Oslo sentrum
Vi har sidan 1892 vore Norges største bunadsleverandør, og vi er stolte av fagkompetansen til medarbeidarane våre. I tillegg til ulike fag- og sveinebrev har fleire av dei utdanning frå Drakt og samfunn, tallause kurs og seminar, konfeksjonsteknikar- og ingeniørutdanning frå inn- og utland og - ikkje minst - solid erfaring frå tilverking og sal av bunader.
Heimen Husflidens avdeling Arbeidergata 1 består av butikk og bunadsproduksjon. Butikken fokuserer på bunad og bunadstilbehør, i tillegg har vi eit breitt utval av vakre tekstilar, klesplagg, gåve- og bruksgjenstandar innan norsk og nordisk handverk og design. I produksjonsavdelinga arbeider tilsette på sy- og teiknestova med å produsere bunader frå heile landet.
Butikken på Glasmagasinet har ein del av dei same varene og bunadene som avdelinga i Arbeidergata, men er meir profilert mot handarbeid. Der finst det eit rikhaldig utval av strikkegarn, broderiutstyr, vev og hobbyartiklar.
Vi har to søsterselskap i konsernet, nemlig Liers Husflid i Fredrikstad og bunadsprodusenten Solhjell AS.


Heimen Husfliden er eigd av Bøndenes Hus som igjen er eigd 100 % av den frivillige organisasjonen Bondeungdomslaget i Oslo (BUL).
BUL er ein frivillig organisasjon, grunnlagt i 1899, som tilbyr aktivitetar som folkedans, musikk, teater og idrett for folk i alle aldrar. Aktivitetane til BUL er tufta på norsk folkekultur, bruk av nynorsk og dialektar og tilbod om eit rusfritt miljø. BUL eig Bøndenes Hus AS 100 %.
Bøndenes Hus AS eig eigedommen Rosenkrantz’ gate 8 og har dotterselskap som driv innan bunadsproduksjon, husflid, overnatting og kafé. I tillegg til BUL si verksemd, huser eigedommen to av dotterselskapa.
Dei andre selskapa i konsernet er:
Hotell Bondeheimen, etablert i 1913, eit hotell med 145 rom og konferanseavdeling.
Kaffistova, grunnlag i 1901, er ein av byens mest tradisjonsrike kafear som serverer norsk tradisjonsmat.