Sørkedalen V97 damebunad

Bunaden frå Sørkedalen er blå med store broderte motiv på stakk og liv. Broderimotivet er organisk med blomstrar og blad. Bunaden har brodert veske og lue i same farge og med liknande motiv som resten av bunaden. Livet er formsydd og stakken har god vidde.

Bunadsområde:
Sørkedalen (Oslo)

Detaljar

Liv og stakk

Stakk og liv blir laga i mellomblå toskafta bunadty.

Skjorte

Linskjorte med kvitt broderi.

Ytterplagg

Kort cape i same farge som bunaden med grønt fór.

Strømper

Svarte strømper.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Det er utarbeidd eigne hekter til livet, men ikkje anna sølv. Det blir brukt to søljer frå Sylvsmidja; nr 198101 og 199101. Det skal vere oksidert sølv til bunaden.