Garn og strikk

Garn og strikk

Stort og variert utval av strikkegarn i avdelinga på Glasmagasinet.

Hos oss finn du eit stort utval av garn frå norsk ull! Du finn også eit variert utval av strikkeoppskrifter, inspirasjonsbøker, strikkepinnar, perler, knappar og mykje anna tilbehør.

Her finn du bl. a. sortiment av strikke- og heklegarn i mange kvalitetar frå kjende leverandørar som Rauma Garn, Hillesvåg ullvarefabrikk, Du Store Alpakka, Sandnes Garn, Leine Merino, Lett Loopi, Solberg, Hoelfeldt-Lund og månge fleire.

Vi har dessutan strikkepakkar frå Hanne Falkenberg både til vaksne og barn og eit godt utval av effektgarn og utstyr til filting og andre tradisjonelle handarbeidsteknikkar.

Hos oss finn du Noregs største utval av garn frå norsk ull! Den norske ulla er eit av verdas mest miljøvenlege fiber. All norsk ull i vår butikk er derfor SVANEMERKET.

Blant våre garn finn du noko for enkvar smak, og heilt sikkert eit garn som passar til ditt prosjekt!

Rauma Garn

Merinoull, alpakka, lin, bomull, mohair og silke, samt mange spennande effektgarn.

Dale Garn

Klassisk, rundspunnet ullgarn og flotte bomull- og ull-bomullkvalitetar, samt eksklusive garn i silke, kid mohair og alpakkafiber.

Camilla Pihl

I avdelinga vår finn du alle Camilla Pihl garntypane og oppskrifter.

Nøstekort

Med Heimen Husfliden sitt Nøstekort får du kvart 10. garnnøste GRATIS

nøstekort

Treng du hjelp eller inspirasjon til strikkeprosjektet ditt?

Våre ansatte har lang erfaring både innen maskin- og handstrikk. Hos oss vil du få grundig hjelp med valg av fargar, oppskrifter, teknikkar med meir.

Vi brenn for strikkefaget og håpar du vil ta turen innom oss på Glasmagasinet for ein hyggeleg garnhandel!