Vedlikehald

Vedlikehald av bunadskjorte, bunad og bunadsølv

Vedlikehald av bunadskjorte

Vask av bunadskjorte

Vask skjorta etter kvar gong du har brukt den og oppbevar den liggande i ein skjortepose mellom kvar vask. Vi anbefaler å strekke linet i fasong i løpet av tørkeperioden, slik at skjorta held den opprinnelege fasongen.

Vent med å stryke skjorta til neste gong du skal bruke henne, elles kan stoffet gulne over tid.
Linskjorter med broderi må ikkje vaskast på meir enn 40 grader, elles vil fibrane bli skada og stoffet sprøtt. Linskjorter utan broderi må ikkje vaskast på meir enn 60 grader. Bruk skånsamt vaskemiddel eller bunadsåpe som er vispa godt ut i vaskevatnet. Skyll godt! Ved maskinvask må ein vaske på ”skåneprogram”. Følg vaskeanvisninga og bruk vaskepose.
Har skjorta di gulna, kan du prøve å vaske den fleire gonger (3-5) og bruke mange skyllevatn (3-5), då såperestar kan gjere at skjorta gulnar. Hugs at dårleg skylling vil føre til at skjorta gulnar etter kvart. Ikkje stryk skjorta før du legg den bort; dette kan også gjere at skjorta gulnar.

 

Stryking av bunadsskjorte

Start i god tid, gjerne eit par dagar før du skal bruke skjorta. Dynk først skjorta godt og legg henne i ein plastpose nokre timar, eventuelt over natta. Bruk ullprogrammet på strykejernet og start med å stryke på vranga. La skjorta henge og tørke til neste dag, og stryk så over skjorta ein gong til på retta. På denne måten vil skjorta halde seg glatt lenger.

Vedlikehald av bunad

Om du har fått flekk på bunaden

Som nødhjelp bør du alltid fjerne ein flekk så raskt som mogleg med lunka vatn. Pass på at du ikke gnir for mykje på stoffet, for på den måten kan flekken trekke lenger inn i fibrane.

Tips: Ha alltid med deg eit lommetørkle som lett kan suge opp ein flekk slik at du får fjerna mest mogleg av flekken før du ev. får vaska skjorta eller reinsa bunaden. Kan plagget vaskast og tåler vatn, så kan du med fordel skylle flekken under rennande vatn.

 

Naturmateriale treng luft

Du bør lufte bunaden din kvar gong du har brukt han. Rist bunaden godt og fjern eventuelle flekker. La bunaden henge fritt i ein stoffpose når han ikkje er i bruk. Heimen Husfliden har skjortepose og bunadspose til dame- og herrebunad til sals i nettbutikken og butikkene våre. Oppbevar aldri bunaden din i ein plastpose!

 

Unngå slitasje under oppbevaring

For å unngå slitasje på skuldrane, er det lurt å sette i eit par lange hemper på innsida av linningen som bunaden kan henge etter. Vreng bunaden slik at livet då heng ned inni stakken. Pass òg på at forkleet blir hengande glatt og fint.

Vedlikehald av bunadsølv

Puss og oppbevaring av bunadsølv.

Oppbevar alltid sølvet i ein tett plastpose, kvar sølje i eigen pose. Då unngår du riper, og når lufta ikkje slepp til, oksiderer sølvet heller ikkje så fort. Med pusseklut og brett vernar du bunadsstoffet og gjer jobben med pussing av bunadssknappar enkel. Sølvet bør vaskast etter bruk i ein bolle varmt vatn tilsett oppvaskmiddel (t.d. Zalo) og salmiakk. Skyll godt i rennande vatn. La vere å ta på sølvet – det lagar flekker – men tørk det godt på eit handkle eller med ein hårtørkar.

Har sølvet oksidert og blitt mørkt, må det pussast med sølvpuss, men ikkje bruk ”sølvdipp”. Påsydde hekter må sprettast av bunaden før du pussar dei.

Har sølvet ditt blitt veldig ille, bør du spandere oppussing hos sølvsmed.

Sølvknappar på mannsbunad kan pussast på bunaden, bruk gjerne pussebrett (ei plate med hakk i) for å beskytte stoffet.