Ofte stilte spørsmål

Ofte stilte spørsmål

Hjelp! Bunaden min har blitt for liten/for stor. Kan Heimen hjelpe meg?

Ja, det kan vi. Ta gjerne kontakt med systova vår på e-post: systova@heimenhusfliden.no
Våre dyktige medarbeidarar kan i dei fleste tilfelle hjelpe til med både omsying og reparasjon, men vi må sjå bunaden først. Bunaden må reinsast før den blir levert inn til retting.

 

Kva slags stoff og materialar bruker Heimen Husfliden i bunadene:

Vi brukar stoff og materialar av høg kvalitet hovudsakleg frå norske leverandørar.
Les meir her.

 

Korleis kan eg vedlikehalde bunaden min?

Sjå meir her for vedlikehald av bunad.

 

Kan eg sy bunaden min sjølv? Kvar kan eg gå på kurs?

Heimen lagar materialpakkar til bunader frå heile landet for den som vil sy bunaden sin sjølv.
Vi har ikkje bunadskurs, men kan tilby konsulenttimar delar av året med bunadsyarane våre, både for å komme i gang og om du skulle trenge hjelp undervegs. Prisen per konsulenttime er kr 1050.-. Sjå skjema under for bestilling av konsulenttime.

Mange lokale lag og foreiningar, t.d. husflidslag og bondekvinnelag, arrangerer bunadskurs for sine distrikt.

 

Eg ønskjer å få taksert bunaden min med tanke på forsikring. Kan Heimen hjelpe meg med dette?

Heimen driv ikkje med taksering av gamle ting, men vi kan gi pris på ein ny bunad, slik at du får vite gjenkjøpsverdien. Ta kontakt med forsikringsselskapet ditt for å undersøke kva som må til for å få forsikra bunaden. Vi fakturerer konsulenttimar for denne typen tenester.

Ønskjer du prisliste på ny bunad, send oss gjerne ein mail: sentralbord@heimenhusfliden.no

 

Er eg nøydd til å bruke bunadssko, eller kan eg bruke nøytrale svarte sko til bunaden?

I dei aller fleste tilfelle passar det best med bunadssko til bunad. Vi har mange modellar å velje blant i begge våre to butikkar. Sjå våre salsstader og opningstider.

 

Må eg bruke hovudplagg til bunaden? 

Vi tilrår at ein bruker hovudplagg som høyrer til bunaden. Nesten alle bunader har eige hovudplagg som lue, skaut, hårvippe, hatt el. Som eit alternativ kan du også bruke silkeskjerf som kan knytast på hovudet. Sjå nettsida vår for alle bunader vi leverer – her finn du mykje inspirasjon!

 

Driv Heimen Husfliden med utleige av bunad?

Heimen driv med sal av bunader, og vi har nokre brudekroner for utleige – kontakt oss på e-post: sentralbord@heimenhusfliden.no

Det finst eigne firma som driv med bunadsutleige, dessutan har enkelte lag og foreiningar eit lite utval bunader til utleige.

 

Kva slags reglar gjeld for val av bunad?

Det finst ingen regel for kva slags bunad du skal velje, men dei aller fleste synest det er ekstra hyggeleg å kunne bruke bunaden frå den staden ein kjenner seg mest knytt til eller kjenner aller best.

 

Kva kostar ein bunad?

Prisen på ein bunad varierer frå nokre få tusenlappar til nærmare hundre tusen kroner, alt etter kva for bunad du vel og kor mykje sølv og anna tilbehør du ønskjer. Dei fleste bunader ligg i prissjiktet kr 35 000 – 75 000 utan sølv. Dette gjeld bunad sydd etter dine mål.

 

Eg har høyrt at ein ikkje bør bruke sminke eller vanlege smykke når ein har på seg bunad. Stemmer dette?

Nei, sjølvsagt kan du bruke sminke også når du har bunad på, men du legg kanskje ikkje den aller tyngste kveldssminken i dette tilfellet.

Alle bunader har enten fått utarbeidd eige sølv, eller så kan det brukast sølv som høyrer til det aktuelle distriktet.

 

Fører Heimen Husfliden strikkegarn?

Heimen Husfliden har eit svært godt utval av strikkegarn i butikken på Glasmagasinet. Der finn du bl.a. sortiment av strikke-/heklegarn i mange garnkvalitetar frå kjende leverandørar som Rauma Garn, Hillesvåg, House of Yarn, Du Store Alpakka, Sandnes Garn, Solberg og mange fleire. I tillegg finn du eit godt utval av broderi, effektgarn og utstyr til mange tradisjonelle handarbeidsteknikkar.

Vi har også strikkeoppskrifter, inspirasjonsbøker, strikkepinnar, sytråd, knappar og mykje anna tilbehør.

 

Ved byting av varer:

Byting av varer må skje innan 14 dagar, du kan bytte til ny vare eller få ein tilgodelapp mot framvist kvittering.

På strikkegarn er det 30 dagars byterett (gjeld Glasmagasinet).

Tilgodelappar er gyldige i eitt år.

Dersom du ønskjer pengane tilbake, må du avtale deponering i forkant av kjøpet ditt.

Det er ikkje byterett på salsvarer.

 

 

Bestille time

Ønskjer du å bestille time for måltaking eller prøving av bunad, eller vurdering av rettingar med ein av våre tilsette på systova?

Bestill time