Om Heimen Husfliden

Om Heimen Husfliden

Bunad- og husflidsbutikken i Oslo sentrum

Heimen Husflidens avdeling Arbeidergata 1 består av butikk og bunadsproduksjon. Butikken fokuserer på bunad og bunadstilbehør, i tillegg har vi eit breitt utval av vakre tekstilar, klesplagg, gåve- og bruksgjenstandar innan norsk og nordisk handverk og design. I produksjonsavdelinga arbeider tilsette på sy- og teiknestova med å produsere bunader.

Butikken på Glasmagasinet har ein del av dei same varene og bunadene som avdelinga i Arbeidergata, men er meir profilert mot handarbeid. Der finst det eit rikhaldig utval av strikkegarn, broderiutstyr, vev og hobbyartiklar.

Kompetanse

Vi har i 128 år vært Norges største bunadsleverandør, og er stolte av at våre tilsette har mange fag og sveinebrev. I tillegg har fleire utdanning frå Drakt og samfunn, tallause kurs og seminar, konfeksjonsteknikar- og ingeniørutdanning frå inn- og utland.

Heimen Husfliden er ein del av Heimen Husfliden AS. Divisjonen består også av Solhjell AS, som produserer bunader og bunadstilbehør som blir selt til forhandlarar rundt om i Norge.

Heimen Husfliden as er eigd av Bøndenes Hus som igjen er eigd 100 % av den frivillige organisasjonen Bondeungdomslaget i Oslo (BUL). BUL er ein frivillig organisasjon, grunnlagt i 1899, som tilbyr aktivitetar som folkedans, musikk, teater og idrett for folk i alle aldrar. Aktivitetane til BUL er tufta på norsk folkekultur, bruk av nynorsk og dialektar og tilbod om eit rusfritt miljø. BUL eig Bøndenes Hus AS 100 %.
https://bul.no/

Bøndenes Hus AS eig eigedommen Rosenkrantz’ gate 8 og har dotterselskap som driv innan bunadsproduksjon, husflid, overnatting og kafé.
I tillegg til BUL si verksemd, huser eigedommen to av dotterselskapa.
Dei andre selskapa i konsernet er:

Hotell Bondeheimen, etablert i 1913, eit hotell med 145 rom og konferanseavdeling.
Kaffistova, grunnlag i 1901, er ein av byens mest tradisjonsrike kafear som serverer norsk tradisjonsmat.
https://www.bondeheimen.com/
https://kaffistova.com/