1923 – BUL kjøper Heimen Teiknekontor

1923 - BUL kjøper Heimen Teiknekontor

BUL kjøper Heimen Teiknekontor

Tidleg på 1920-talet vart både vart eigarane av Heimen, Anna og Aksel Waldemar Johanessen, råka av alvorleg sjukdom. Aksel Waldemar døydde i 1922 og Anna berre nokre månader seinare. Før ho døydde fekk Anna, med hjelp frå Hulda Garborg, selt Heimen Husflid til Bondeungdomslaget i Oslo.

For kjøpesummer på om lag kr 25 000, som på den tida tilsvarte 12-13 årslønner, overtok BUL selskapet, retten til namnet og alle originalmønstra. Samtidig trygga dette den økonomiske framtida til ekteparet Johannessen sine to døtre.

Heimen flytta etterkvart over til Rosenkrantz’ gate 8, der bedrifta framleis held til.