2015: Kjøp av produksjonsbedrifta Solhjell

2015: Kjøp av produksjonsbedrifta Solhjell

Bøndenes Hus kjøper produksjonsbedrifta Solhjell AS

Våren 2015 kjøpte Bøndenes Hus 70% av aksjane i Solhjell AS. Kåre Solhjell Konfeksjonsfabrikk AS kan føre historia si tilbake til 1947 i Molde. Bedrifta produserte dei første bunadene i 1985, i hovudsak mannsbunad frå Hallingdal og Vest-Telemark.

I løpet av dei senaste åra er produksjonen utvida til å levere eit stort utval bunader og bunadstilbehør frå heile landet til dame, herre og barn.