Sogn herrebunad raud
Raud Sognebunaden har ein open lang jakke med grøne kantar, grøn vest som er dobbeltspent og svarte korte bukser. Til bunaden kan velje i ei lang rekkje tilbehør som kniv, klokke, silkeskjerf og hatt. Tilbehøret kan vere med på å setje eit personlig preg på bunaden med dei ulike fargane og variantane.
Sognebunadene ble utarbeidd etter mannsdraktene som blei brukt i første halvdel av 1800-tallet. Dei flotte bunadene finst i både kvitt og raudt. Heimen Husfliden sel også Spelemansdrakt frå Sogn.
Bunaden vert også sydd til gut.
Bunadsområde:
Sogn (Sogn og Fjordane)
Detaljar
Jakke og bukse
Lang, open jakke i raud vadmel som er kanta med grøne ullband. Jakka er formsydd i ryggen, har innsydd kile i sidene som gir jakka ein volang nede. Vifte/klaff på ermetoppen og ståkrage. Splitt på ermet, med to store knappar. Knebukse med lukeopning, i svart stoff. Luka blir kneppa med fem store knappar. Buksa har to sidelommer og knesplitt som blir lukka med fire store knappar og spenne. Det er seleknappar innvendig på linningen.
Vest
Grøn vest i klede som er kanta med raude ullband. Grå baskerlin i ryggen. Vesten er dobbeltspent med sju små knappar, to sidelommer og ståkrage. Alle knappar er i sølv eller tinn.
Skjorte
Kvit linskjorte med kvitt broderi.
Strømper
Kvite mønsterstrikka strømper, kan fåast i både handstrikka og maskinstrikka.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Det er eige sølv til Sognebunadene.
Anna tilbehør
Hatt og skjerf er valfritt, medan hoseband og bukseselar ofte er naudsynte for å halde bukse og strømper oppe.
Tilbehør

125100 – Halssølje med rosett, oksidert

468100 – Halssølje, oksidert

026100 – Skospenne, oksidert

033100 – Kne- og vestspenne, oksidert

832100 – Selespenne, oksidert

833100 – Selespenne, oksidert

074100 – Mansjettknappar, oksidert

076100 – Mansjettknappar med botn, oksidert

086100 – Knapp 16 mm, oksidert

086113 – Knapp 16 mm med lang hempe, oksidert

087100 – Knapp 19 mm, oksidert

087113 – Knapp 19 mm med lang hempe, oksidert

087131 – Knapp til kniv 19 mm, oksidert

635100 – Knapp 23 mm, oksidert

636100 – Knapp 26 mm, oksidert

658100 – Spelmannsknapp med kjede 19 mm, oksidert

755100 – Mansjettknappar med botn, oksidert

767100 – Mansjettknappar, oksidert

360100 – Bunadskniv Ola

558101 – Bunadskniv «Vangsguten» med graveringsfelt

566100 – Bunadskniv «Staskaren»

339100 – Klokkekjede, oksidert
