Borghild Tranum Røer

Borghild Tranum Røer

Romeriksbunaden modell L40 blei utarbeidd av Heimen i samarbeid med Borghild Tranum Røer i åra 1936-40.

Borghild Tranum Røer (1893-1974) vaks opp på Randby gard på Kløfta. Skuleåret 1913-14 gjekk ho på Voss Folkehøgskule.

 

Borghild flytta til Sandar i Vestfold da ho gifta seg med Nils Røer i 1919. Dei fekk fem døtrer: Halldis, Kari, Inger, Ragnhild og Bjørg.

 

Borghild gløymde ikkje heimbygda si. Ho ønskte sterkt at Romerike skulle få ein bunad, og innleia eit samarbeid med Heimen om dette arbeidet. Ho reiste rundt på gardane på Romerike for å finne noko som kunne vere av interesse av gamle klesplagg.

 

På ei husflidsutstilling i Oslo i 1932 fekk ho sjå ei lauslomme frå Romerike frå 1770/80-talet. Den kom frå Døli gård i Ullensaker. Ho blei samd med Heimen om at denne kunne brukast i den nye bunaden, og teiknaren Ivar Klæboe laga utkast til bunaden med prydsaum på liv, forkle og lue.

 

Vinteren 1935-36 var den første bunaden ferdig, og den blei vist fram offentleg første gang 5. april 1936 på årsmøtet på Romerike ungdomsforbund.

 

Romeriksbunaden modell L40 blei utarbeidd av Heimen i samarbeid med Borghild Tranum Røer i åra 1936-40.

Borghild Tranum Røer 1936