Akerdrakten dame

Akerdrakten er laga med stakkestoff kopiert etter stoffprøver frå dei gamle akergardane i Oslo frå empiretida 1808-10. Den blei utvikla av Anette Solberg Andresen og Tone Tollefsen i 1997 på Veveriet på Norsk Folkemuseum.

Drakten er sydd i empiresnitt.

Bunad og bunadsområde: Akerdrakten, Oslo.

Stikkord: Damebunad, kvinnebunad.

Detaljar

Stakk og liv

Du kan velje mellom heile 6 ulike spesialvovne stakkestoff som kan kombinerast med mange livstoff  i ull og brokade. Stakkestoffet er laga hos Krivi-vev AS.

Forkle

Fleire ulike forklestoff og sløyfer.

Skjorte

Lang serk.

Ytterplagg

Kort spencerjakke eller strikkesjal i lammeullsgarn. Spenceren til Akerdrakta blir levert i raudt, blått eller grønt ullklede.

Sjalet er strikka i lammeullsgarn i svart, ubleika, lys grå, mørk grå, mørk blå eller mørk grøn.

Spencer er ei kort jakke som var moderne i empiretida. Namnet har den fått etter Lord Spencer i England.

Mønsteret til strikkesjalet er henta frå ein modell på Norsk Folkemuseum.

Hovudplagg

Tobladslue.

Strømper

Kvite strømper.

Sko

Sorte, lave pumps.

Sølv

Akerdraktsølv (sjå under).

Histore

Akerdrakten er laga med stakkestoff kopiert etter stoffprøver frå dei gamle akergardane Ullern, Ullevold, Grefsen, Vøien ved Akerselva, Nes i Maridalen, Furuset og Ulsrud. Orginalstoffa blei vovne i åra 1808-10 av premierte veversker. Drakta er sydd i empiresnitt som var høgste mote på den tida.

Stoffa blei funne på Norsk Folkemuseum i den gamle Prøveprotokollen for Aker Sogneselskap av Anette Solberg Andresen og Tone Tollefsen som i 1997 utvikla drakta på Veveriet på Norsk Folkemuseum.

Stakkestoffene er tatt frå prøver som ble samle i åra 1808-1810 av Selskabet for Agger Sogns Vel.