Altabunad G6

Altabunaden blei utarbeidd av Gunnvor Abrahamsen, og frå 2008 har Heimen Husfliden hatt einerett på påteikninga av bunaden, etter avtale med Altabunad AS.

Mønstret til bunaden blei henta frå ein døypefont i Kåfjord kyrke i Alta og så tilpassa til brodering på stakk og liv. Snittet er henta frå drakttradisjonen i Gudbrandsdalen ettersom Gunnvor Abrahamsen sydde sin første bunad der under krigen.

Altabunaden blir laga i svart og blå og i stoffkvalitetene toskafta bunadty og klede.

Detaljar

Liv og stakk

Stakk og liv med veske, kjem i toskafta bunadty eller klede i fargane blå og svart.

Skjorte

Det er utarbeidd eigen skjorte med broderi inspirert av porten til Kåfjord kyrke i Alta.

Hovudplagg

Brodert lue i same farge og stoff som bunaden.

Ytterplagg

Jakke eller cape i same stoff og farge som bunaden.

Strømper

Svarte.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Det er utarbeidd eige sølv til bunaden.  Heimen Husfliden avd. Rosenkrantzgt. fører dette.