Alta herrebunad

Altabunaden til herre blei ferdig i mai 2016. Bunaden blei utarbeidd av Altabunadens mor, Gunvor Abrahamsen, i samarbeid med Heimen Husfliden, og er eit resultat av hennar tankar og idear.

Herrebunaden har ei enkel bukse, raud vest og silkeskjerf som skal symbolisere skifertaket. Skjorta har dei samme stolpane som damebunaden, eit mønster som er henta frå grinda på Kåfjord kirke. Den raude vesten har oksidert sølv og buksa har stikklommer.

Brosja og mansjettknappane er utvikla av Juhls Sølvsmie i samarbeid med Altabunad AS og Heimen Husfliden.

Bunadsområde:
Alta (Finnmark).