Aust-Telemark - Beltestakk A82 med gult liv

Beltestakk A82 er tufta på draktskikken i Aust-Telemark frå siste del av 1800-talet.

Beltestakken er mest vanleg i Midt-Telemark og blant bunadene der ein har stor valfridom i høve til materialar og fargar. Til denne bunaden brukar ein den finaste silke og ull i kombinasjon med fargerike band, skjerf, belte og skjorter. Her er ein Beltestakk med gult liv og elles ulike fargekombinasjoner.

Om du ønskjer deg ein bunad som oppfyller draumen din, er dette kanskje bunaden for deg!

Stikkord: Aust-Telemark, Øst-Telemark, damebunad, kvinnebunadene, stakk.

Detaljar

Liv og stakk

Stakken kjem i svart toskafta bunadty. Livet kan ein sjølv velje stoff til, her brukar ein ulldamask, silkedamask, brokade og fløyel. Her vist i gul silkedamask. Livet har alltid svarte kantar

Forkle

Forkle kjem i biba, lasting, ulldamask, silke/ulldamask eller silkedamask. Det har fløyelskant heile vegen rundt og valgfrie farga silkeband nedst

Belte

Beltet til beltestakken er brikkevevd og vanlegvis 10-12 cm bredt. Det vert laga i mange ulike fargar og variasjonar

Skjorte

Heimen Husfliden har eit stort utval av spesialbroderte beltestakkskjorter i fleire fargekombinasjonar, samt silkeskjorter og bomullskjorter i månge fargar og mønstre

Hovudplagg

Brikkevevd vippe eller silkeskaut/silketørkle

Ytterplagg

Det er to jakker å velje mellom til beltestakken. Den eine har et svart broderi nede på ermene og noko broderi langs kanten i burgunder tonar eller grøne tonar. Den andre har fløyelskantar med raud saum innanfor langs alle kantar

Strømper

I tillegg til svarte strømper, kan ein bruke broderte vadmelsokkar som kjem med to ulike broderi

Sko

Svarte bunadsko, bunadstøvlett eller dufsesko frå Telemark

Bunadsølv

Til Beltestakken treng du halsring og/eller hornring, byggkornring eller bøheradsring i tillegg til slangesølje og bolesølje. I tillegg kjem mansjettknappar og 3-6 par maljer, spenner og eventuelt veskelås.
Sølvet frå Telemark er både forgylt og oksidert