Aust-Telemark damebunad A41

Aust-Telemarksbunad A41 har ein stor, fleirfarga, brodert bord nede på stakk og forkle. Livet har broderi i same farge som stakken og har broderte raude kantar. Til bunaden kan ein bruke ei raud jakke med broderi, som har gitt den kallenamnet raudtrøyebunaden.

Bunadsområde:
Aust-Telemark (Telemark).

Stikkord: Kvinnebunad, damebunad, Telemark, Øst-Telemark.

Detaljar

Stakk og liv

Stakk og liv kjem i svart eller mørkeblått i bunadty. På svart bunad har livet raude kantar og på blå bunad har det grøne kantar.

Forkle

Forkleet kjem i same stoff og farge som stakk og liv.

Skjorte

Det er utarbeidd fem forskjellige broderte linskjorter til Aust-Telemarksbunaden med Lekjabord.

Ytterplagg

Raud jakke med broderi, kjem med to forskjellige broderi.

Belte

Det brikkevevde beltet til Aust-Telemark er handlaga og kjem i fleire fargekombinasjonar.

Hovudplagg

Brikkevevd vippe eller silkeskaut/silketørkle.

Strømper

Svarte.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Sølv frå Telemark, både forgylt og oksidert.

Historie

Heimen utarbeidde denne bunaden i 1941. Utgangspunktet for livet er plansje nr. 4111 i boka «Søm i Norske Bygder». Broderimønsteret på forkle er frå Bø i Telemark frå ca. 1850-åra. Forkle fekk Heimen låne av fru Wergeland, og blei kopiert for Heimen av Kalla Gulla. Den breie broderte borden på stakken er tatt frå forkleet. Fargane på broderinga er lik på liv, forkle og stakk.