Bardu-Målselv G3 damebunad

Bardu-Målselvbunad har fleire broderte motiv som dannar ein bord rundt på stakken nede. Livet er formsydd og går på utsida av stakken midt bak og på sidene framme. Livet har broderi med delar av same motiv som på stakken. Bardu-Målselvbunaden kjem i toskafta bunadty eller klede i tre forskjellige fargar; svart, mørk blå og mellomblå.

Bardu-Målselvbunaden er utarbeidd av ei bunadsnemnd med Guri Myre i spissen. Guri Myre tok kontakt med Heimen for å få hjelp til utarbeidinga. Innflyttarane til Målselv kom frå Gudbrandsdalen, Østerdalen og Oppdal, derfor valde ein å bruke draktskikk frå desse områda som grunnlag.

Stikkord: Bardu-Målselv, Nord-Norge, Troms og Finnmark, damebunad, kvinnebunad.

Detaljar

Liv og stakk

Stakk og liv blir laga i toskafta bunadty eller klede og kjem i mellomblått, mørkeblått eller svart.

Jakke/Trøye

Trøya kan vere i same farge som bunaden eller raud. Den har same snitt som livet nede med rund hals. Trøya hektast saman framme med skjulte hekter.

Lue og veske

Brodert lue og veske i samme stoff som bunaden.

Skjorte

Kvit linskjorte med broderi på hals, ermelinningar og i bringa. Skjorta har glatt hals- og skulderstykke. Broderiet er utarbeidd av Ivar Alapnes, Målselv.

Strømper

Svarte eller kvite.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Det er eige sølv til bunaden –
oksidert, men kvitt/forgylt kan også brukast. Du treng ei halssølje og ei hovudsølje samt mansjettknappar, veskelås og hekter til livet.