Romsdal - Embetsmannsdrakt

Embetsmannsdrakt frå Romsdal har lyse skinnbukser, raud jakke og lys brokadevest. Den raude jakka saman med lys vest og bukse gjer bunaden iaugefallande og staseleg. Det er eit utval av tilbehør å velje mellom.

Embetsmannsdrakt frå Romsdal er ein kopi etter ei mannsdrakt frå 1800-talet, i dag er originalen ved Norsk Folkemuseum. Ettersom bunaden er ein kopi er det ingen alternative fargar eller materialar i dei ulike delane av bunaden.

Bunaden kan også leverast til gut.

Bunadsområde: Romsdal (Møre og Romsdal).

Stikkord: Herrebunad, mannsbunad.

Detaljar

Jakke

Jakka kjem i raudt klede med fór og tittekantar i gult.

Bukse

Buksa kjem i gyllent skinn.

Vest

Vesten er i lys brokade.

Skjorte

Brodert skjorte i lin eller bomull.

Strømper

Kvite mønsterstrikka strømper, kan fåast både handstrikka og maskinstrikka.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Det er eige sølv til bunaden.

Anna tilbehør

Hatt og skjerf er valfritt, medan hoseband og bukseselar ofte er naudsynte for å halde bukse og strømper oppe.