Fanabunad gut

Fanabunad for gut er staseleg med sine to vestar, bukse og jakke. Ettersom det er to vestar er det også rikeleg med sølvknappar på begge vestar i tillegg til bukse og jakke. Til bunaden blir det brukt fargerike hoseband og silkeskjerf etter eige ønskje. Fanabunaden er del av ein levande tradisjon der bunad ikkje var ute av bruk før vår tid. Bunaden har dermed røter i gamle tradisjonar, men har samtidig også blitt påverka av retningar i tida. Fanabunaden leveres også til herre.

Bunadsområde:
Fana (Hordaland).

Detaljar

Jakke og bukse

Jakka og knebukse blir sydd i svart klede

Vest

Den indre vesten er raud og dobbeltspent med broderi på lommene. Den ytre vesten er svart med ein høg ståande krage og blir brukt open, men har likevel knappar på begge sider som om den skulle vore dobbeltspent. Vestene er sydd i klede

Skjorte

Bomullsskjorte utan broderi

Strømper

Kvite mønsterstrikka strømper, kan fåast både handstrikka og maskinstrikka

Sko

Svarte bunadsko

Bunadsølv

Halsknapp og mansjettknappar i tillegg til knappane som blir sydd på bunaden

Anna tilbehør

Hatt og skjerf er valfritt, medan hoseband og bukseselar ofte er naudsynte for å halde bukse og strømper oppe

Tilbehør

497400 – Halsring, kvit
490400 – Halsring, kvit
119123 – Halssølje med stolpe, oksidert