Follo damebunad

Follobunaden har ein stor brodert bord nede på stakken. Alt broderiet er kvitt med store blomstrar og blad i ei detaljrik samansetjing. Livet er formsydd i damask med tittekantar i ein kontrastfarge. Stakken kan ein velje i to ulike fargar, og livet kjem i tre ulike fargar.

Follobunaden som vi kjenner den i dag, er det andre utkastet gjort av ein bunadkomité sett ned i Follo i 1954. I spissen for komiteen var Fanny Aschim med bistand frå Borghild Tranum Røer. Den første varianten hadde raudt damaskliv med brun og turkis ruta stakk. Follobunaden med broderi blei ferdigstilt i 1963. Grunnlaget for broderia var ei gammal brudekåpe/cape frå Herrefosser i Rakkestad. Broderiet kom til Follo ved eit giftarmål og er dermed blitt opphavet til broderiet på Follobunaden.

Stikkord: Follo, Akershus, damebunad, kvinnebunad.

Detaljar

Stakk og liv

Stakken kjem i blågrønt toskafta bunadty eller rustraud ulldamask. Livet er i raud, gyllen eller grøn damask. Det grøne livet blir ikkje brukt til blågrøn stakk, og det raude livet blir ikkje brukt til raud stakk.

Forkle

Forkleet er i ubleika lin med dobbel uttrekksaum.

Ytterplagg

Cape i sort ulldamask med raudt fór.

Skjorte

Ubleika lin med dobbel uttrekksaum på krage og mansjettar.

Strømper

Svarte til blågrøn stakk og kvite eller svarte til raud stakk.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Follobunaden har eige sølv.