Aksel Waldemar-bunad B95

Aksel Waldemar Johannessen teikna broderimotivet til denne bunaden etter ein gamal blå stakk på Norsk Folkemuseum. Bunaden vart utarbeidd medan Anna Johannessen var eigar av forretninga og vart Heimen sin eigedom når BUL kjøpte forretninga i 1923.
Dei fann ikkje noko liv som passa til bunaden, men Aksel Waldemar Johannessen teikna ut eit rikt broderimønster både til stakk, liv, lue og forkle etter den gamle blå stakken.
Det vart teikna berre 5-6 bunader av denne typen i 1922-23.
Bunaden fekk blå stakk med svart brodert stakkebord, grønt liv med broderi, svart silkeforkle og lue med broderi.
Bunaden vart ikkje så godt mottatt, dei ville ikkje ha ein einsfarga bunad og helst utan forkle.
Denne bunaden vart utarbeidd på nytt av Heimen i 1995, nøyaktig kopiert etter bunaden til Tora Kleiven som kjøpte bunad av den første serien (1922).
Denne bunaden blei ein forløpar for dei andre bunadene frå Gudbrandsdalen.
Den rike og velkomponerte samansetjinga av fargar gjer at den får eit heilskapleg og vakkert preg.

Bestill time for måltaking

Detaljer

  • Stakk og liv

    Bunaden har blå stakk i drapé med påsydd svart brodert stakkebord nede på stakken, livet er i grønt toskafta bunadty med broderi

  • Forkle

    Svart silkeforkle med broderi

  • Skjorte

    Ein kan velje mellom tre forskjellige broderte linskjorter eller ei bomullsskjorte med nuppereller

  • Ytterplagg

    Det er utarbeidd cape til bunaden i tofarga ulldamask i blått og grønt med fôr i rutete bomullsstoff; kort trøye i svart, toskafta bomullsty eller klede kan også brukast

  • Hovudplagg

    Brodert silkelue

  • Strømper

    Svarte

  • Sko

    Svarte bunadsko

  • Sølv

    Gudbrandsdalsølv