Gudbrandsdalen B94 Damask-kjol
Damask-kjol frå Gudbrandsdalen har utgangspunkt i dei såkalla livkjolane som var i tradisjonell bruk frå ca. 1830 og framover. Før denne tida var stakk og liv to åtskilde plagg. Denne bunaden blir som oftast levert med stakk i svart ulldamask og med fastsydd liv i brokade.
Fasongen på livet liknar på dei gamle liva, livet har relativt smale selar og djup ringing framme, lukka med skjulte hekter framme på livet, spong framme med splitt i venstre side i overgangen mellom livet og stakken. Stakken har ein brei midtfold midt bak og er foldelagt bakover. Dersom ein ønskjer veske er det mest vanleg å sy denne i samme stoff eller farge som stakken.
Grønt stoff er ute av produksjon, vi har raudt, blått, krem og gul.
Dette er ein bunad utan broderi, men til gjengjeld er det eit stort utval av stoff og fargar å velje blant. Damask-kjol blir med dette personleg og unik ved at ein kan setje saman fargar etter eigne ønske og behov.
Detaljar
Stakk og liv
Livet er i silkedamask, brokade eller ulldamask. Stakken er i ulldamask som finst i fargane svart, grøn og blå
Forkle
Det blir brukt forkle i silkedamask eller silke-/ulldamask
Skjorte
Brodert linskjorte, silkeskjorte eller bomullsskjorte med nuppereller blir brukt
Ytterplagg
Kort jakke i klede eller cape i ulldamask
Hovudplagg
Botthuve, ei lue i småmønstra silkedamask, eller stivatørkle, kvitt skaut
Strømper
Svarte
Sko
Svarte bunadsko
Sølv
Gudbrandsdalsølv
Tilbehør

198101 – Sølje med trådkantlauv, oksidert

199101 – Sølje med trådkantlauv, oksidert

248101 – Sølje med 16 mm trådkantlauv, oksidert

211100 – Sølje, oksidert

458100 – Gudbrandsdalsknappen, oksidert

872104 – Sølje, oksidert

873104 – Sølje, oksidert

874104 – Sølje, oksidert

125100 – Halssølje, oksidert med rosett

206105 – Halssølje, oksidert

207105 – Halssølje, oksidert

060100 – Mansjettknappar, oksidert

063100 – Mansjettknappar, oksidert

074100 – Mansjettknappar, oksidert

076100 – Mansjettknappar med botn, oksidert

082100 – Mansjettknappar, oksidert

755100 – Mansjettknappar med botn, oksidert

082123 – Mansjettknappar med stolpe, oksidert

251111 – Øyrepynt, oksidert

264111 – Øyrepynt, oksidert

704111 – Øyrepynt, oksidert

721111 – Øyrepynt, oksidert

317102 – Ring, oksidert

345100 – Ring, oksidert

373100 – Ring, oksidert

377102 – Ring, oksidert med lauv

348100 – Veskelås, plett oksidert

527100 – Veskelås, plett oksidert

532100 – Veskelås, plett oksidert
